udir

Thumb-11

–Alle lærarar er leselærarar


Hommelvik ungdomskule er med i første pulje i satsinga Ungdomstrinn i utvikling. Skulen legg fullt trykk på lesing – og har ikkje angra eit sekund.

Hommelvik ungdomskule vart i førre skuleår med i eit pilotprosjekt for å prøve ut korleis ein kan arbeide med skulebasert kompetanseutvikling.

I løpet av hausten 2013 har dei jobba for fullt med satsinga.

– Vi har lagt ein spesiell innsats mot klasseleiing og lesing som grunnleggjande ferdigheit. Alle lærarar er leselærarar, seier skuleleiar Kristel Linset.



ungdomstrinn i utvikling
Ved å gjere opplæringa på ungdomstrinnet meir praktisk og variert, skal elevane oppleve meir mestring og bli meir motiverte.

Les meir på udir.no/ungdomstrinnet

Gjennom ei ståstadsanalyse innleiingsvis fekk ungdomsskulen i Malvik ei god oversikt over nå-situasjonen. Her såg dei at dei kunne jobbe meir systematisk med ein del ting.

– Tilbakemeldingar frå elevar var for eksempel at vi kunne bruke biblioteket meir aktivt, og andre moglegheiter vi allereie har for å vidareutvikle arbeidet med leseopplæring, seier Kristel.

Med utgangspunkt i Utdanningsdirektoratet sitt rammeverket for skulebasert kompetanseutvikling, valde Hommelvik lesing som hovudsatsingsområde. Etter dette har dei rundt 40 tilsette jobba målretta med lesing i alle fag.

– Lesing er ei ferdigheit som er viktig uansett fagområde. Denne relevansen har vore viktig. Vi måtte få med alle lærarane for å sette eit stort trykk på kompetanseutviklinga, og det har vi fått til.

 

rektoren fortel at satsinga har ført til ei mykje høgare bevisstheit når det gjeld å lære ungdommane korleis ein arbeider med lesing i ulike fag. Dei skal ikkje berre kunne lese frå a til b, men lære seg gode lesestrategiar.

– Resultatet er ei mykje meir variert undervisning, og meir samarbeid mellom lærarane. Vi har faste møte om kompetanseutviklinga, og ein plan for arbeidet, fortel rektoren.

Mange aktørar er med i arbeidet – alt frå Utdanningsdirektoratet, til skuleeigar og universitet. Hommelvik ungdomsskule samarbeider med NTNU, og skular får støtte til kompetanseutvikling i skulering og læringsøkter for lærarane. Øktene med universitetet beskriv Kristel som både motiverande og matnyttig. Lærarane har fått verktøy som dei har teke med inn i klasserommet.

– I tillegg har vi i leiinga vore bevisste på å halde trykket oppe heile vegen, og det er vi som må bestemme kva alle dei gode hjelparane utanfrå bør brukast til. Ein kan samanlikne det litt med Askeladden og dei gode hjelparane – det er mange som vil oss vel, seier Kristel.

Gjennomføringa av satsinga er basert på faste møte, og deling og refleksjon knytte til lærarane sin eigen praksis. I tillegg har lærarane fastsette arbeidskrav – dei må levere noko frå seg.

– Vi planlegg, gjennomfører og deler. Det betyr mykje for kompetansen at vi har så tett med faglege diskusjonar.




Utdanningsdirektoratet har laget en film til deg som jobber på ungdomstrinnet. Formålet med filmen er å inspirere deg til å jobbe enda mer praktisk og variert. På udir.no/ungdomstrinnet finner du også noen refleksjonsspørsmål som dere kan ta utgangspunkt i når dere snakker sammen om undervisningen på skolen deres.


tilbakemeldinga frå lærarane på skulen er at arbeidet er motiverande. Dei opplever at ein har klart å sette arbeidet i samanheng med andre ting vi held på med. Lesinga er noko dei allereie jobbar med, og som vert betre med vidareutvikling av eigen praksis. Det betyr ikkje nødvendigvis meir tidsbruk, men at tida vert brukt annleis.

– Eg synest det har vore veldig givande! Eg har utvikla meg mykje det siste året, og synest det er spennande at det satsast på ungdomstrinnet. Eg føler at dette har vore svært nyttig i min kvardag som lærar, seier kontakt- og ressurslærar Stine Eidsør.

Som ressurslærar var Stine involvert i planlegging og gjennomføring av prosjektet saman med rektor. Ho meiner at ein suksessfaktor er at lærarane opplever at satsinga er relevant for deira praksis uavhengig av fag. Dette er ikkje noko som kjem i tillegg til alt det andre dei gjer.

– Lærarane må sjå at satsinga kan gi positive utslag i arbeidet med elevane, og at det gir auka motivasjon både for dei sjølve og elevane, seier ho.

 

nokre av aktivitetane som no er tatt i bruk for ei mykje meir praktisk undervisning, er for eksempel aktivitetar som vi har lært gjennom NyGIV-satsinga. Elevane vert i mindre grad bedt om å lese ein tekst rett fram. Til gjengjeld får dei meir spesifikke oppgåver knytte til teksten, både før-, under- og etterlesingsaktivitetar. Og tilbakemeldinga frå elevane er positiv.

– Det er viktig at det arbeidet som vi har gjort med Ny GIV vert sikra vidare. Ny GIV-aktivitetane er derfor ein del av prosjektet. For elevane sin kompetanse er det viktig at undervisninga er variert, at dei vert motiverte og at dei ser nytteverdien av arbeidet dei gjer kvar dag. Arbeidet med lesing er eit godt eksempel på dette i praksis, seier Stine.

Rektor legg til at elevane set pris på lesestrategiane dei lærer. I tillegg ser ho blant lærarane at det ballar på seg når ein først begynner.

– Lærarane er idérike og ser kva anna som kan gjerast. Derfor skjer det så mykje anna positivt som kjem i tillegg til alt det vi har lagt planar for. Og det er flott, det vi ønskjer oss er jo å sjå endringar over tid både i praksis blant lærarar og i elevresultat. Vi øver så mykje no i prosjektperioden at det blir ein del av praksisen også
etterpå, fortel ho.