udir

_MG_5747

Avgjerande å ta ny kompe­tanse i bruk


– Det som avgjer om ­Kompetanse for kvalitet blir ein suksess eller ikkje, er mogleg­heita til å ta lærdom i bruk når læraren kjem attende til skulen. Fyrst då vil det vise seg om dette gjer elevane si læring betre, seier Ragnhild Lied, leiar av ­Utdanningsforbundet.

Ragnhild Lied var svært nøgd då forløparen til gjeldande strategi, «Kompetanse for kvalitet – Vidareutdanning for lærarar», kom på plass i 2009. Strategien er eit samarbeid mellom KS, lærarorganisasjonane, universitet og høgskular og statlige utdanningsmyndigheiter.

– Det var historisk å få strategien på plass, det er noko vi i lærarorganisasjonane har jobba for i mange år. Vi meiner strategien er god, men han må fylgjast opp for å verke, seier Lied.

– Alle arbeidsgjevarar må vere interesserte i å ha eit så godt undervisningspersonale som mogleg. I dag er det store variasjonar mellom kommunane, og det er for mange skuleeigarar som ikkje ser verdien i dette. Akilleshælen er at mange kommunar ikkje fylgjer opp strategien. Staten bidreg med meir pengar. Og lærarane bidreg med å jobbe mens dei studerer. Det skal ikkje stå på pengane for kommunane sin del.


«Vidareutdanning handlar om at lærarar skal få moglegheit til fagleg fordjuping i dei faga dei skal undervise i.»Ragnhild Lied



Ragnhild Lied

Fakta
Født 1959, Volda. Leiar i Utdanningsforbundet sidan 2012, tillitsvalgd på heiltid sidan 2002. Hovudfag i idrettsfag. Medforfattar av Gymnos, lærerverk i kroppsøving. Sit i styringsgruppa for Kunnskap i skolen ved Universitetet i Oslo.

– Kva er verdien av vidareutdanning, slik de ser det?

– Vi er opptekne av at lærarane skal ha høg fagleg, didaktisk og pedagogisk kompetanse både i barnehage og skule. Vidareutdanning handlar om at lærarar i Noreg – som i utgangspunktet har høg utdanning – skal få moglegheit til fagleg fordjuping i faga dei skal under vise i. Det er heilt avgjerande – uansett kor høgt utdanna du er – å få moglegheit til etter og vidare utdanning. Faga utviklar seg innanfor dei ulike fagom råda, og ein konsekvens må vere at læraren får rett og plikt til vidare utdanning innan sitt fag. Under søkingar syner at norske lærarar manglar faglege ferdigheiter saman likna med lærarar i andre land, seier Lied.

– Kva vil de gjere for å motivere lærarar som treng det, til å ta vidare utdanning?

– Lærarar har høg grad av motivasjon for vidareutdanning. Det har vi fått tilbakemeldingar på så lenge strategien har eksistert. Det er mange fleire lærarar som ynskjer å delta enn som får moglegheita til det. Derfor er vi glade for at tilbodet nå blir utvida, seier Lied.

– Kva kan de som lærarorganisasjon bidra med i arbeidet med Kompetanse for kvalitet?

– Vi kan sørgje for å informere om moglegheita for etter og vidare utdanning. Det er skulen og skuleeigar som har ansvaret, og vi i lærarorganisasjonane skal arbeide for at det blir lagt godt til rette for at lærarar skal få etter og vidareutdaning. Vi skal sørgje for god informasjon sentralt, på fylkesnivå og lokalt. Vi må stimulere medlemmane våre til å søkje. Det er viktig at alle som ynskjer vidareutdanning, søkjer om det, sjølv om det er risiko for å få nei. Vi vil gjerne synleggjere kor stort behovet er.

– Kven avgjer kva for lærarar som skal og bør ta vidareutdanning?

– La meg spørje tilbake: Kven er det som kan vurdere kva som er det rette for læraren, om ikkje dei sjølve? Det må vere ein god dialog mellom lærar og rektor for å få ei forståing for kva som trengst av kompetanseheving på den einskilde skulen.

Nytt av året er auka satsing på matematikk og naturfag innan Kompetanse for kvalitet. I år dekkjer staten alle kostnader til vikar for dei som tek vidareutdanning i mate matikk eller naturfag. Skoleigaren sine kost nader er redusert til berre å gjelde kostnader knytte til reise, opphald, lære middel mv. Læraren sin del er framleis 25 prosent, som er bruk av eiga tid.


Kompetanse for kvalitet

Fakta
Strategien Kompetanse for kvalitet har som mål å styrke elevane si læring og motivasjon. For å få dette til skal lærarane sin faglege og fagdidaktiske kompetanse styrkast gjennom vidareutdanning. Strategien inneber at lærarane vert frigjort frå ordinære arbeidsoppgåver.

Delmål for Kompetanse for kvalitet:

Auke talet på lærarar som har fagleg og fagdidaktisk kompetanse opp til 60 studiepoeng.

Auke lærarane sin kompetanse gjennom etterutdanning på prioriterte fag og område.

Styrke skuleleiaren sin kompetanse gjennom det nasjonale rektorprogrammet.

Les meir om Kompetanse for kvalitet og deltakarundersøkinga på udir.no

– Kva vil de gjere for å sikre at 10 000 lærarar skal få vidareutdanning i matematikk i løpet av fem år, som er målsetjinga?

– Det er eit svært ambisiøst mål! Vi har gått med på at lærarane framleis skal jobbe 25 prosent om dei til dømes tek 60 studiepoeng. Skuleigaren har derfor ikkje utgifter på dette, ut over at dei skal dekkje kostnader til reise, opphald og læremiddel. Vi er likevel litt skeptiske til om dei ambisiøse måla kan nåast. Men vi gir ikkje opp! Sam tidig er det viktig å understreke at kvantitet ikkje må gå på kostnad av kvalitet. Då er det betre å senke tempoet, seier Lied.

Ho viser til at det er viktig å sjå på kapasiteten i universitets og høgskulesektoren, og sikre at det er høg kvalitet på tilboda.

Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) har gjennomført ei under søking blant deltakarane i vidareutdanningstilboda i Kompetanse for kvalitet i studieåret 2012/2013.

Dei aller fleste deltakarane er nøgde med tilboda, 90 prosent opplever kvaliteten som god eller svært god. Og mange kunne tenkje seg å ta meir vidare utdanning.

«Det er heilt grunnleggjande at det er eit godt
miljø for kompetansedeling i kollegiet.»

NIFU sin analyse viser at god tilrette legging på arbeidsplassen betyr mykje for korleis deltakarane opplever studiet. Lærarar som fortel at skulen deira har positive haldningar til kunnskapsdeling, seier i større grad enn lærarar ved andre skular at dei kjem til å endre praksis.

– Det som i størst grad er suksess kriteriet for å lykkast med Kompetanse for kvalitet, er kulturen på skulen der lærarane jobbar. Det er heilt grunnleggjande at det er eit godt miljø for kompetanse deling i kollegiet. Kompetanse hevinga skal bidra til at dei utviklar praksisen sin og utviklar gode undervisningsmetodar og god praksis. Tilrettelegging og kultur for kunnskapsdeling påverkar kva lærarane får ut av etterutdanninga, understrekar Lied.

– Kva blir neste steg for å sikre god vidareutdanning for lærarane?

– Statsbudsjettet for 2015 må setje av midlar til forpliktande opptrappingsplan, skulepolitikarane må vise i statsbudsjettet at dei meiner alvor. Ordninga må utvidast til Òg å gjelde barnhagelærarane. Det er svært viktig at barnehagane inngår som ein del av eit heilskapleg utdanningsløp. Vårt mål er å jobbe for at det skal skje fordi det er eit viktig grunnlag for skulesatsinga i Noreg, seier Lied.