udir

_MG_5644

Barna sin første lærar


– Barnehagelærarane har ei krevjande pedagogrolle. Dei bør ha same rett til etter- og vidareutdanning som lærarane i skulen, ­seier Ragnhild Lied, leiar av Utdanningsforbundet.


Ragnhild Lied

Fødd 1959, Volda.
Leiar i Utdanningsforbundet sidan 2012, tillitsvalgd på heiltid sidan 2002.

Hovudfag i idrettsfag.

Medforfattar av Gymnos, læreverk i kroppsøving.

Sit i styringsgruppa for Kunnskap i skolen ved Universitetet i Oslo.

Ragnhild Lied var svært nøgd då ein forpliktande etter- og vidareutdanningsstrategi for lærarar i skulen kom på plass i 2009. Strategien er eit samarbeid mellom KS, lærarorganisasjonane, universitet og høgskular og statlege utdanningsmyndigheiter. I kompetansestrategien for framtidas barnehage skal også tilsette i barnehagane få auka moglegheit til å heve sin kompetanse.

– Barnehagelæraren skal balansere leik, læring og omsorg på ein måte som gir barna medverknad. Dette krev både god førebuing og evne til improvisasjon. Barnehagelærarane må ha variert fagleg kunnskap med seg inn i samspelet med ungane, og dei må kunne ta det fram i dei situasjonane som oppstår. Difor må barnehagelærarar heile tida arbeide med eigen kompetanse, seier Lied.

ho peikar på at barnehagen er i rivande utvikling, og at det er mykje meir barnehageforsking enn tidlegare.

– Dette inneber at det er mykje ny kunnskap å følgje med på og tileigne seg. Alle arbeidsgjevarar må vere interesserte i å ha så gode barnehagelærarar som mogleg. I dag er det store variasjonar mellom kommunane i kva grad dei prioriterer etter- og vidareutdanning.

– Kva er verdien av vidareutdanning, slik Utdanningsforbundet ser det?

– Vi er opptekne av at lærarane skal ha høg fagleg, didaktisk og pedagogisk kompetanse både i barnehage og skule. Det er heilt avgjerande – uansett kor høgt utdanna du er – å få moglegheit til etter- og vidareutdanning, seier Lied.

«Det er svært viktig at barnehagane inngår som ein del av eit heilskapleg utdanningsløp»Ragnhild Lied

kva tenkjer de om rett og plikt til etter- og vidareutdanning – ikkje berre i skulen, men også i barnehagen?

– Barnehagelærarar bør ha same rett og same plikt til etter- og vidareutdanning som lærarar i skulen. Barnehagelærarane sin kompetanse er avgjerande for den kvaliteten og læringa barnehagen tilbyr barna. Utdanningsforbundet meiner det er ein alvorleg mangel ved regjeringa sitt lærarløft at dei ikkje er med på at barnehagelærarane er dei første lærarane barna har.

– Kva vil de gjere for å motivere barnehagelærarane til å ta vidareutdanning?

– Halvparten av alle barnehagelærarane har i dag vidareutdanning. For mange av dei gir ikkje dette utteljing i form av ekstra lønn, og dei har sjølve betalt for utdanninga. Eg trur at motivasjonen for å arbeide med faglege spørsmål er høg hos barnehagelærarane.

To ting er viktige: Det må leggjast betre til rette for å kunne ta vidareutdanning i arbeidstida. Og det må dessutan lagast faglege karrierevegar som gjer det attraktivt å bruke vidareutdanninga si til beste for barna og barnehagen.

– Kva vil de gjere for at barnehageeigarar skal leggje til rette slik at tilsette i barnehagen får høve til å ta vidareutdanning?

– Det viktigaste vi kan gjere, er framleis å arbeide for å få politikarar og styresmakter til å sjå kor viktig barnehagen er som barnas første steg i utdanningsløpet. Så må vi arbeide systematisk for å betre barnehagelærarane sin rett til å vidareutdanne seg. I barnehagen er det mange som ikkje har relevant utdanning for å arbeide med barn. Då kan det lett bli slik at ein meiner det ikkje er rett å satse på dei som har mest utdanning frå før. Dette er ei haldning som kan gjere at barnehagen stagnerer. I dag veit vi at kunnskapen forvitrar om han ikkje blir brukt og utvikla. Barnehagelæraren har ei viktig oppgåve med å leie andre tilsette i det pedagogiske arbeidet med barna, og difor er det særs viktig å arbeide for at barnehagelærarane får ei fagleg utvikling.

– Korleis kan vidareutdanning gi betre kvalitet i barnehagen?

– Eg trur at vidareutdanning kan og bør utformast i nært samspel med praksisfeltet. Dette gjer ikkje at kravet til teori blir mindre. Gode tilbod om vidareutdanning brukar barnehagen som læringsarena. Slik blir ny forsking og fagleg kunnskap kjend og brukt i den faglege samhandlinga i barnehagen – til glede for barna. Dette hevar kvaliteten i barnehagen.

– Kven avgjer kven som skal og bør ta vidareutdanning?

– La meg spørje tilbake: Kven er det som kan vurdere kva som er det rette, om ikkje dei som sjølve jobbar i barnehagen? Det må vere ein god dialog mellom barnehagetilsette og barnehageeigaren for å forstå kva som trengst av kompetanseheving i den einskilde barnehagen.

lied viser til at det er viktig å sjå på kapasiteten i universitets- og høgskulesektoren, og å sikre at det er høg kvalitet på tilboda som skal gje kompetanseutvikling.

90 prosent av barnehagelærarane seier dei ynskjer etter- og vidareutdanning, går det fram av ei undersøking blant 950 av medlemmene i Utdanningsforbundet.
 Berre 24 prosent har fått ynsket oppfylt dei siste to åra.

– Det som i størst grad er suksesskriteriet for å lykkast med vidareutdanning, er kulturen på arbeidsplassen når ein kjem attende. Det er heilt grunnleggjande at det er eit godt miljø for kompetansedeling i kollegiet. Kompetansehevinga skal bidra til at dei utviklar god praksis. Tilrettelegging og kultur for kunnskapsdeling påverkar kva barnehagelærarane får ut av etterutdanninga. Difor er også tid til kollegialt fagleg samarbeid heilt avgjerande, understrekar Lied.

– Kva blir neste steg for å sikre god vidareutdanning for lærarane, både i barnehage og skule?

– Statsbudsjettet for 2015 må setje av midlar til forpliktande opptrappingsplan, skulepolitikarane må vise i statsbudsjettet at dei meiner alvor. Ordninga må utvidast til også å gjelde barnhagelærarane. Det er svært viktig at barnehagane inngår som ein del av eit heilskapleg utdanningsløp. Vårt mål er å jobbe for at det skal skje, fordi det er eit viktig grunnlag for barna si utvikling, seier Lied.