udir

HAN_0831

Der det er greitt å vere annleis


På Godlia skule er elevar og foreldre sentrale i arbeidet mot mobbing. – Elevane må tole ulikheiter. Dei skal ikkje tenkje over at den dei sit med er litt annleis.

Godlia skule har gode trivselsresultat år etter år. Elevane engasjerer seg i friminutta, foreldra har eigne temakveldar om mobbing, og lærarane jobbar systematisk for å ha eit trygt og inkluderande læringsmiljø.

– Det viktigaste ein lærar gjer mot mobbing, er å jobbe med inkludering i klassen. Gode lærarar skapar eit klassemiljø kor det å vere annleis ikkje er så spesielt.

Vi møter rektor Øyvind Bibow Hansen og sosiallærar Marit Omdal Aalen ein tidleg tysdag morgon. Utanfor ynglar dei 420 elevane på veg inn til dagens gjeremål. To av dei kjem inn til oss. Trym Olafsen og Magella Hægland er to av elevane som er engasjerte i arbeidet mot mobbing.

– Eg fortset ikkje å spele fotball om nokon har det vanskeleg. Da må eg gå og hjelpe, seier sjetteklassing Trym.

Magella er einig. Det er viktig at elevane engasjerer seg. Derfor er bra at Godlia inkluderer elevane gjennom opplæring i å handtere konfliktar og å inkludere kvarandre. Dermed er det ikkje berre dei vaksne som har gule vestar i friminutta og har ekstra ansvar for å følgje med, men også nokre av elevane.

HAN_0761

Sosiallærar Marit Omdal Aalen meiner det er mange måtar å løyse utfordringar med mobbing på. Det viktigaste er å ha fokus på det heile vegen, påpeikar ho.



gode resultat
Godlia skule i Oslo har i fleire år hatt gode resultat på Elevundersøkinga og jobbar systematisk med godt læringsmiljø. Resultata frå Elevundersøkinga 2013 er tilgjengelege på udir.no


– Det er lettare for born å snakke med born. Til dei vaksne må ein forklare meir, mens vi born skjønnar kvarandre lettare med ein gong, seier Magella.

Rektor Øyvind meiner det viktigaste for å lykkast er at ein har ein overordna plan for arbeidet som alle følgjer. Alle lærarane må handle likt, slik at elevane er trygge på kva som kjem i ulike situasjonar. Sosiallærar Marit er einig. Ein må vere målretta.

«Det viktigste ein lærar gjer mot mobbing er å jobbe med inkludering i klassen. Gode lærarar skapar eit klassemiljø kor det å være annleis ikkje er så spesielt.» Øyvind Bibow Hansen

– Det er mange måtar å løyse utfordringar på. Uansett kva ein vel, så må skulen ha fokus på det heile vegen. Ein må stadig hente det fram og halde det oppe, seier Marit.

Som vaksne meiner Øyvind at det er viktig å hugse at borna gjer det dei kan. Alle ønskjer å glede seg til å gå på skulen. Lærarane si oppgåve er å hjelpe dei til å kunne det, og vise dei at dei får ein ny sjanse kvar dag.

– Har ein elev gjort noko leit ein dag, må vi vise dei at dei kan starte på nytt dagen etter. Empatien trumfar alt, vi må alltid ha han der, seier rektoren.

 

Elevane Magella Hægland og Trym Olafsen ved Godlia skule engasjerer seg mot mobbing. – Elevane må glede seg til å dra på skulen, og dei må ha trygge vaksne rundt seg. Utan at det er trygt og føreseieleg får ein heller inga læring, seier rektor Øyvind Bibow Hansen.

å komme til rektor på Godlia skule er ikkje noko som skal vere skummelt. Sjølv om det er dei meir alvorlege tilfella Øyvind tek seg av, vil han ikkje bruke ord som represaliar knytte til det elevane møter. Alvoret skal vere der, men det skal vere hyggeleg å prate med han.

– Ein lærer ikkje av å få ei skyljebøtte. Elevane det gjeld må ønskje å gjere det annleis neste gong. Når vi diskuterer, set felles mål og har oppfølgingsmøte, ser eg dei som regel ikkje igjen her inne, seier Øyvind.

Marit og Øyvind trekkjer fram ordninga med læringspartnar som viktig for trivsel på Godlia, i tillegg til inkluderinga av elevane i mobbeførebygginga. Og trivselen må vere der om ein skal få til det ein ønskjer.

– Elevane må glede seg til å dra på skulen, og dei må ha trygge vaksne rundt seg. Utan at det er trygt og føreseieleg får ein heller inga læring, seier Øyvind.

 

ordninga med læringspartnar retta mot skuletime og klasserom. Kvar elev har sin partnar som dei diskuterer oppgåver med i alle fag. Ved hjelp av ispinnar med namn på trekkjer lærarane tilfeldig ut kven av partnarane som skal svare på vegner av dei begge.

– Læringspartnarordninga gjer at elevane vert meir kjende med andre dei kanskje elles ikkje pratar så mykje med. Dei ser andre verdiar i kvarandre og opplever nye sider, fortel Marit.

Læringspartnarane byter dei omtrent annakvar veke, slik at elevane ofte samarbeider med nye i klassen. Den parvise ordninga sikrar også at alle kjem til orde. Det vert mindre skummelt for alle både å komme med rett og gale svar når elevane er to som har diskutert oppgåva på førehand.

– Elevane trenar også på å gi positive tilbakemeldingar til kvarandre. Kva er det som er fint med han eller ho som læringspartnar, seier Øyvind.

«Læringspartnarordninga gjer at elevane vert meir kjende med andre dei kanskje elles ikkje pratar så mykje med.»Marit Omdal Aalen

Idet vi er ute for å ta bilete, viser rektor oss rundt på skuleområdet. Han seier at han trur mykje av den gode trivselen også kjem av at foreldra i området engasjerer seg. Kor viktig dette er, tek han opp på foreldremøta.



Læringspartnar
Ein læringspartnar er ein medelev som elevane:
Hjelper eller får hjelp av.
Gir eller får tilbakemeldingar til/frå.
Inspirerer og motiverer.
Oppmuntrar og er positiv til.
Diskuterer med.
Blir godt kjend med.

– Eg trur også mediefokuset rundt mobbing i skulen er ei god drahjelp for engasjementet. Foreldra vert meir bevisste på å følgje med og prate med borna om andre ting enn det faglege på skulen.

Sjølv pleier han å høyre med dei vaksne kor bevisste dei er på korleis dei sjølve snakkar om andre heime.

– Seier dei kva dei meiner om naboen ved middagsbordet, eller tek dei det når borna har lagt seg. Det er viktig at vi er bevisste i måten vi omtalar andre framfor borna. Born med respekt for kvarandre sine ulikheiter, skaper trivsel, seier han.

 
og trivselen på godlia ser ut til å bety mykje også i ein omstillingsfase.

– Vi har ikkje skulegard for tida, noko vi var spente på korleis skulle gå. Men det har vore heilt uproblematisk, dei gler seg til det står ferdig, seier han.

Mangelen på boltringsplass kjem av utbygging – til neste skulestart står ei flunkande ny fløy klar. Dette trengst når skulen veks, om få år skal han ha nærare 200 elevar fleire enn i dag.

– Ein kan nesten lure på kvar dei gjer av seg på dette vesle arealet. Og da skulle ein tru at vi ville få meir bråk dei imellom. Men dei har vore eksemplariske, fortel Øyvind.