udir

Thumb2-13

– Ein enorm gevinst for skulen


Rektor på Heimdal ­vidare­gåande skule i Trondheim er klar i si sak. Rettleiing av nyutdanna er ei vinn-vinn-ordning for både nyutdanna og skulen.

Heimdal er ein av dei vidaregåande skulane som har fått eit godt tak på rettleiing av nyutdanna. To erfarne lærarar på skulen har fått vidareutdanning på området, noko alle partar har fått utteljing av frå start.

– Rettleiinga gjer læringskurva til dei nyutdanna mykje brattare. Dei veit dei vert tatt vare på og har alltid nokon å spørje, seier Ivar Malvin Husby, rektor på Heimdal vidaregåande skule.

Med 740 elevar og nær 150 tilsette er Heimdal ein av dei større skulane i Sør-Trøndelag. Rettleiinga av nyutdanna er noko skulen har halde på med dei to siste åra. Lærarane med vidareutdanning kom raskt i gang med rettleiinga så snart deira eiga fagutvikling var i gang. I år har dei utarbeidd ein plan for kva rettleiinga skal innehalde, og ein kontrakt som er bindande for både rettleiarar og nyutdanna.


ivar_husby
 
Ivar Malvin Husby
Fakta
Rektor på Heimdal vidaregåande skule.

– Rettleiarane har fått tildelt ein ressurs, og dei nyutdanna får avlasting i arbeidet for å vere med på rettleiing. Rettleiinga er ein enorm gevinst for skulen og den nytilsette læraren. Ho er bra for kollegiet og sikrar at lærarane får ein god start på den første tida i arbeid. Dette er noko vi kan hauste godt av seinare, seier Ivar.

Samarbeid, meir kollektiv orientering, deling og spreiing av kunnskap. Dette er stikkord på kva dei to rettleiarane er opptatt av i arbeidskvardagen. Derfor er dei også midt i blinken som rettleiarar. Til sommaren har dei 30 studiepoeng kvar i rettleiingsdidaktikk.

– Desse lærarane ville lære meir på området, og dei vart prioriterte. Dei har ei veldig positiv haldning til læraryrket og til den kulturen for lærarabeid som vi ynskjer å drive fram. Dei har gjort ein strålande jobb med dei friske kreftene til dei nyutdanna, fortel Ivar.

 
Rektoren starta som lærar på Heimdal i 1978. Framleis hugsar han godt korleis det var å vere fersk lærar. Ganske fort merka han at livet bak kateteret ikkje var nokon dans på roser. Denne opplevinga er noko mange av dagens nyutdanna kjenner seg igjen i.

– Kollegaer sa til meg den gongen at eg berre måtte ta det med ro, du er ikkje nokon god lærar før det har gått ti år! På ein måte var det positivt å høyre, fordi eg skjønte at det var fleire som sleit. Samtidig vart eg mismodig. Skulle det vere nødvendig å vente så lenge?

Det å få dei nyutdanna inn i eit system, ei organisert læring, meiner rektoren vil bidra til at oppstarten som lærar vert lettare. På den eine sida vert ein coacha og kan få ein lettare veg, men samtidig også ei realitetsorientering.

– Lærararbeid er kanskje ikkje berre rosenraudt, ein vil oppleve både sigrar og nederlag. Eg trur nettopp noko av det viktigaste er at ein er open rundt at det kan vere vanskeleg. I første omgang kanskje til rettleiarane, men også til kollegaer og medarbeidarar som du samarbeider med. Vi har lett for å gløyme at det å undervise og leie ei klasse også har ei emosjonell side. Derfor er det viktig å ha nokon å snakke med i starten på karrieren, seier Ivar.

Nyutdanna Thomas Trøen er einig i at den opne dialogen lettar starten som lærar. Sjølv gjekk han rett på lektorutdanning etter vidaregåande. I sommar vart han ferdig, og starta som lærar på Heimdal. Der er han med på rettleiarprogrammet for nyutdanna.

– Alle kollegaene her har vore hjelpsame om det er noko ein lurar på. Likevel er det godt å vite at nokon får ekstra betalt for å vere rettleiarar. Då føler ein enda mindre at ein trengjer seg på når det er noko, fortel han.

Det er lagt til rette for at det finst møtestader og møtetidspunkt i skulekvardagen for rettleiing. Om dette seier Thomas at dei har ein midttime fire dagar i veka som kan nyttast. I tillegg har dei faste fellesmøte-tider dei kan nytte dersom det passar for alle.

– Du har ein arena der du kan reflektere og snakke ope om både det du lykkast og mislykkast med. I gamledagar var det ikkje slik, men i dag har det blitt betre, og med rettleiinga vert det enno betre, seier rektor Ivar.

«Dei nyutdanna er ein ressurs som vi må sjå og bruke. Slik blir rettleiarane katalysatorar.»Ivar Malvin Husby

 
Både Ivar og Thomas synest det er vanskeleg å seie kvifor ikkje alle vidaregåande skular tilbyr rettleiing. Det kan vere at dei manglar folk som har rettleiingskompetansen som trengst, eller at dei rett og slett ikkje har følgt med i timen.

– Elevane skal få god undervisning uansett kva klasserom dei går inn i. For at dette skal bli ein realitet, krev det mykje refleksjonsarbeid og samarbeid lærarane imellom. Det er viktig at dei nyutdanna vert sosialiserte inn i ein slik tradisjon. Her er rettleiinga uvurderleg, seier Ivar.

sjølv ser rektoren inga ulempe ved å satse på rettleiing i skulen. Tvert imot merkar han at entusiasmen rundt eigenutvikling og det å nytte seg av dei nyutdanna, også smittar over på andre lærarar.

– Dei nyutdanna er ein ressurs som vi må sjå og bruke. Slik blir rettleiarane katalysatorar. Dei oppdagar dei sterke sidene dei har, og ser kva dei har å bidra med. På den måten kan rettleiarane formidle vidare det dei nyutdanna har å by på.

Thomas opplever nettopp at rettleiarane er interesserte i det nye han kjem med frå utdanninga si. Slik kunnskapsutveksling er noko rektor Ivar vil sjå mykje av.

– Dette lærer rettleiarane mykje av sjølv også. Og dette er kjernen i lærande organisasjonar, som vi ynskjer å vere. Den kollektive orienteringa er avgjerande, ein skal lære av kvarandre, og ein skal dra lasset i lag.