udir

Johanne-Lie-Killi-UDIR--2

– Ein får ein del aha-opplevingar


Spesialpedagogen Johanne følte at ho mangla teori i tilknyting til barnehagejobben sin. Så las ho i lokalavisa om tilleggsutdanning på Lillehammer.

Johanne Lie Killi såg at ho kunne ta tilleggsutdanning i nærleiken av der ho bur. Då var det ikkje meir å tenkje på.
– Det er flott at slike studietilbod finst andre stader enn i Oslo. Kort reiseveg har vore avgjerande, seier Johanne.

30-åringen er no student på det første kullet av studiet Tilleggsutdanning i barnehagepedagogikk på Høgskolen på Lillehammer. Studiet går over to år og består av 30 studiepoeng barnehagepedagogikk og 30 studiepoeng småbarnspedagogikk.

– Det er fint å få litt meir kunnskap retta mot arbeid i barnehagen og situasjonar som kan oppstå i møte med barn, foreldre, kollegaer og eksterne samarbeidspartnarar. Eg likar å kunne forankre arbeidskvardagen i teori eg har lært.


Tilleggsutdanning i barnehagepedagogikk

Studiet er et tilbud for personer med annen pedagogisk utdanning som ønsker å kvalifisere seg til stilling som pedagogisk leder i barnehagen. Følgende utdanninger med tilleggsutdanning i barnehagepedagogikk er relevante for stilling som pedagogisk leder:

Utdanning som allmennlærer

Utdanning som faglærer (fireårig faglærerutdanning i praktiske og estetiske fag og treårig faglærerutdanning som gir kompetanse for tilsetting fra 1. klassetrinn)

Utdanning som spesialpedagog

Utdanning som barnevernspedagog

Tilleggsutdanningen tilsvarer 60 studiepoeng. En del av studiet, småbarnspedagogikk på 30 studiepoeng, kan også tas av barnehagelærere som videreutdanning.

Ønsker du å ta tilleggsutdanning i barnehagepedagogikk? Ta kontakt med din aktuelle utdanningsinstitusjon for mer informasjon om igangsetting, søknad og opptak.

barnehagepedagogikken i studiet er ei samanfatning av innhaldet i barnehagelærarutdanninga, medan småbarnspedagogikken er ei innføring i pedagogisk arbeid med dei yngste barna i barnehagen.

– Førelesingane kjennest veldig relevante for alt ein gjer i barnehagen. Det er lett å trekkje trådar til eigne erfaringar og tenkje at «dette skal eg ta med meg på jobb i morgon», fortel Johanne.

Ein av dei store fordelane er ifølgje Johanne at ein ser mykje på sin eigen arbeidssituasjon i studiet. Det inneheld mange praktiske eksempel frå kvardagen.

– Slik vert ikkje studiet for teoretisk. I tillegg er det mange som nyttar førelesingane til å drøfte ting frå eigen arbeidskvardag, legg ho til.
Spesialpedagogen tenkjer at studiet kan forandre ein heil del på korleis ho ser på arbeidskvardagen, og korleis ho jobbar. Ho vert sikrare på arbeidsmetodane, noko som gir tryggleik og trivsel – truleg også for barna.

– Ein får ein del a-ha-opplevingar i løpet av førelesingane. «Å ja, er det slik det skal vere, er det derfor det vert slik.»

noko av det ho håper ho skal få gjennom studiet, er kjennskap til ny forsking. For eksempel tenkjer ho på forsking i tilknyting til dei minste barna, kunnskap ein ikkje hadde for få år sidan.

–Eg synest også det er spanande å lære meir om barn si tilknyting, korleis det er for dei å starte tidleg i barnehage. Ein vert meir bevisst på kor avgjerande det er at ein klarar å skape ein trygg base for barna i barnehagen, seier ho.

–Studiet er godt tilrettelagt. Alle powerpoint-presentasjonar og det dei gir ut av notat på førelesingane legg dei ut på nettet.
Den erfarne studenten har nokre klare råd til dei som eventuelt skal i elden seinare.

– Begynn tidleg med å lese pensum. Start med det du synest er interessant, for det er mykje nytt og spanande ein kan få med seg. I tillegg får ein mykje igjen for å vere til stades og delta aktivt på førelesningane. Då vert det enklare å lese pensum.