udir

_MG_4449

Her får alle rettleiing


I Hornindal og Stryn er rettleiing av nyutdanna eit gode for både barnehagelærarar og -eigarar. Vi har besøkt Vikalida barnehage og Hornindal skule for å høyre korleis dei gjer.

Nabokommunane Stryn og Hornindal samarbeider om rettleiing av nyutdanna i barnehage og skule. Responsen på ordninga har fått skryt både frå nytilsette og rettleiarar.

– Rettleiinga har heilt klart gjort meg tryggare på meg sjølv som leiar. Og leiareigenskapane er avgjerande når ein jobbar med barn, seier nyutdanna Liv Bortne Olsbø.

mellom vakre fjell og i skikkeleg vestlandsvêr møter vi førskulelærar Liv saman med hennar rettleiar Heidi Liadal på Vikalida barnehage i Stryn. I Stryn kommune i Sogn og Fjordane får alle rettleiing, på same måte som nyutdanna barnehage- og skulelærarar i nabokommunen Hornindal.

Vikalida er ein flott barnehage, ny i 2007. Idet vi kjem på besøk, er barna utanfor i full sving i akebakke og klatrestativ. Førskulelærarane tek imot oss i eit litt rolegare miljø innomhus.

– For meg var det spesielt nyttig å treffe andre nyutdanna i same situasjon i rettleiinga. Deltakarane fekk konkrete råd, og med hjelp frå mentorane kunne vi dra nytte av kvarandre sine opplevingar, fortel Liv. Nettverk for Rettleiing av nyutdanna vart etablert i 2003. Alle lærarutdanningsinstitusjonane er knytte til nettverket. Her kan skuleeigarar få informasjon og råd om rettleiing av nyutdanna.

Både Liv og nestleiar i barnehagen, Heidi, har positive opplevingar med den rettleiingsordninga kommunen har drive fram. Heidi er den eine av to rettleiarar. Liv starta i barnehagen som nyutdanna i fjor haust, og har med det vore igjennom heile rettleiingsprogrammet.


Fakta

Nettverk for Rettleiing av nyutdanna vart etablert i 2003. Alle lærarutdanningsinstitusjonane er knytte til nettverket. Her kan skuleeigarar få informasjon og råd om rettleiing av nyutdanna.

Les meir på nyutdannede.no

«Rettleiinga har heilt klart gjort meg tryggare på meg sjølv som leiar. Og leiareigenskapane er avgjerande når ein jobbar med barn.»– Liv Bortne Olsbø

i forkant av alle rettleiingssamlingane har nye og erfarne lærarar førebudd seg med ulike oppgåver. I møta går dei igjennom arbeidet og tek opp andre problemstillingar dei har møtt i jobbkvardagen.

– Gjennom rettleiinga fekk eg hjelp til raskare å finne rolla mi som førskulelærar. På den måten vart det også lettare å ta ansvar, seier Liv.

Heidi nikkar samtykkjande. Som rettleiar har også ho blitt tryggare i det ho sjølv gjer i barnehagen. I tillegg har det vore viktig som rettleiar å sjå utviklingspotensialet hos dei nytilsette.

– Eg byrja på vidareutdanninga som rettleiar fordi eg hadde lyst til å jobbe med rettleiing og ønskte meir kompetanse på området. I tillegg er jo kompetanseheving noko av det som ligg i å vere ein lærande organisasjon som vi vil vere. Det er utruleg viktig at ein utvekslar kunnskap seg imellom, seier Heidi.

Barnehagen har tidlegare hatt eit samarbeid med høgskulen i Sogn og Fjordane, og det er også her pedagogane har teke vidareutdanning i rettleiing. I ettertid har barnehagen hatt møte med høgskulen om korleis rettleiinga kan organiserast best mogleg.

Vikalida barnehage er no på andre året med rettleiingsordninga. Framsynt planlegging har vore viktig.

– Vi har heilt frå starten hatt fokus på at det skal vere mogleg å gjennomføre opplegget. Vi skal ikkje leggje opp til fleire samlingar enn det er mogleg å få til, meiner Heidi.

«Eg har snakka med fleire som i ettertid har vore heilt klare på at dei hadde slutta om det ikkje hadde vore for nettverket dei hadde rundt seg i starten.»– Åse Nordnes

det er skulekontoret i Stryn kommune som har vore pådrivar for satsinga på rettleiing i barnehage og skule i Stryn og nabokommunen Hornindal. Blant anna mangla det søkjarar på utlyste lærarstillingar, og kommunen ønskte å gjere noko for at dei som først starta, skulle bli verande. Rettleiinga er organisert med faste samlingar – ei gruppe på barnehagenivå og ei på skulenivå. Hornindal kommune som er med i ordninga, er no i gang med å utarbeide sin eigen plan for rettleiing.

Nyutdanna Carina Renate Grodås på Hornindal skule meiner at alle nyutdanna bør få vere med i ei slik ordning.

– Det er fint å ha ein arena kor ein kan ta opp dei problemstillingane ein tenkjer på, i staden for at dei berre kvernar rundt i eige hovud, seier ho.

For Carina var rettleiinga eit stort pluss då ho byrja som lærar på Hornindal skule i fjor haust. Etter nokre veker i klasserommet starta rettleiinga med ei fellessamling i september for dei nyutdanna i kommunen, saman med blant anna rettleiar Åse Nordnes. Sidan har dei hatt fleire faste møte.

– Det som har vore viktig for vår del, er at rettleiinga skal vere eit trygt forum. Når eg er rettleiar, er det det eg er. Dei nyutdanna skal for eksempel ikkje vere redde for at eg skal sladre til rektor på skulen deira om ting dei seier i diskusjonar, fortel Åse.

Ho har vore lærar i 27 år, dei fleste av dei på Hornindal skule. Dei siste par åra har ho også jobba som rettleiar for nytilsette lærarar i Stryn og Hornindal.

Åse meiner at noko av det viktigaste med ordninga er å vere sikra at ein blir fanga opp i starten. Mange synest overgangen frå utdanning til læraryrket er tøff. Då kan ein fort tenkje at ein har gått feil veg med utdanninga, og ønskje seg vekk.

– Eg har snakka med fleire som i ettertid har vore heilt klare på at dei hadde slutta om det ikkje hadde vore for nettverket dei hadde rundt seg i starten. Her trur eg rettleiinga kan spele ei viktig rolle for at fleire kan sjå alternative måtar å løyse ting på, seier ho.