udir

_MG_4946

Her får alle rettleiing


I Hornindal og Stryn er ­rettleiing av nyutdanna eit gode for både lærarar og skuleeigar. Vi har besøkt Hornindal skule og ­Vikalida barnehage for å høyre korleis dei gjer det.

Nabokommunane Stryn og Hornindal samarbeider om rettleiing av nyutdanna i barnehage og skule. Responsen på ordninga har stått til toppkarakter både frå nytilsette og rettleiarar.

– Det er fint å ha ein arena kor ein kan ta opp dei problemstillingane ein tenkjer på, i staden for at dei berre kvernar rundt i eiga hovud, seier nyutdanna Carina Renate Grodås.

 
mellom vakre fjell og i skikkeleg vestlandsvêr, møter vi den ferske læraren Carina saman med hennar rettleiar Åse Nordnes på Hornindal skule. I Hornindal kommune i Sogn og Fjordane får alle rettleiing, på same måte som nyutdanna barnehage- og skulelærarar i nabokommunen Stryn.


Nettverk

Nettverk for Rettleiing av nyutdanna vart etablert i 2003. Alle lærarutdanningsinstitusjonane er knytte til nettverket. Her kan skuleeigarar få informasjon og råd om rettleiing av nyutdanna.

Les meir på nyutdannede.no

For Carina var rettleiinga eit stort pluss då ho byrja som lærar på jobb på Hornindal skule i haust. Etter nokre veker i klasserommet starta rettleiinga med ei fellessamling i september for dei nyutdanna i kommunen, saman med blant anna rettleiar Åse. Sidan har dei hatt fleire faste møte.

– Det som har vore viktig for vår del, er at rettleiinga skal vere eit trygt forum. Når eg er rettleiar, er det det eg er. Dei nyutdanna skal for eksempel ikkje vere redde for at eg skal sladre til rektor på skulen deira om ting dei seier i diskusjonar, fortel Åse. Ho har vore lærar i 27 år, dei fleste av dei på Hornindal skule. Dei siste par åra har ho også jobba som rettleiar for nytilsette lærarar i Stryn og Hornindal.

 
det er skulekontoret i Stryn kommune som har vore pådrivar for satsinga på rettleiing i barnehage og skule. Blant anna mangla det søkjarar på utlyste lærarstillingar, og dei ønskte å gjere noko for at dei som først starta, skulle bli verande. Rettleiinga er organisert med faste samlingar – ei gruppe på barnehagenivå og ei på skulenivå. Hornindal kommune som er med i ordninga, er no i gang med å utarbeide sin eigen plan for rettleiing. Carina meiner at alle nyutdanna bør få vere med i ei slik ordning.

– Rettleiinga må vere ekstra viktig i skular med få nytilsette. Eg har hatt stor nytte av det, sjølv om det hos oss allereie er tre andre ferske lærarar eg kan utveksle erfaringar med dagleg. Når det likevel er så viktig for meg, må det vere ekstra avgjerande for dei som ikkje har like mange rundt seg i same situasjon, seier 23-åringen.

Den nytilsette læraren fortel engasjert at rettleiinga har vore spesielt til nytte i samanheng med samarbeid mellom heim og skule. Her har ho plukka opp mange tips om korleis takle ulike situasjonar.

– Det er godt å ha diskutert med andre på førehand. Ein blir tryggare av å vite at dei andre på rettleiingsgruppa har meint det same som deg, at ein har dei i ryggen.

 


åse meiner på si side at noko av det viktigaste med ordninga i tillegg er å vere sikra at nokon fangar ein opp i starten. Mange synest overgangen frå utdanning til læraryrket er tøff. Då kan ein fort tenkje at ein har gått feil veg med utdanninga, og ønske seg vekk.

– Eg har snakka med fleire som i ettertid har vore heilt klare på at dei hadde slutta om det ikkje hadde vore for nettverket dei hadde rundt seg i starten. Her trur eg rettleiinga kan spele ei viktig rolle for at fleire kan sjå alternative måtar å løyse ting på, seier ho.

Rettleiinga har også gitt ho mykje sjølv. Det er viktig å få innspel. Ho peiker på at erfarne lærarar må vere vakne nok til å dra veksel på den nye kunnskapen dei nyutdanna har med seg. Mange av de nyutdanna har for eksempel enormt mykje å komme med når det gjeld ny teknologi. Med eit erkjennande smil fortel ho at dei nye ofte kjem til eit data-havari i skulen dei byrjar på.

– Ja, vi må snu på det. Dei nye er ressursar. Vi treng nye tankar i norsk skule. Dette pleier eg også å seie til dei nyutdanna. Ver klar over kor mykje de kan! seier Åse.

Og denne kunnskapen vert vi fort vitne til. Etter praten med Åse og Carina tek vi turen med dei to inn i klassen til Carina for å ta bilete. Åse har spesialundervisning i same klasse tre dagar i veka, mens Carina lærer femteklassa om alt frå romartid til gamalnorsk.

I det sekund fotografen tek fram kamera og ber Carina «late som» ho underviser, er ho alt i gang med gjennomgang av gårsdagens lekser. Ho har stålkontroll, og elevane har fullt fokus med hendene i vêret.

 
dyktige og engasjerte pedagogar møter vi også på barnehagen vi besøkjer i nabokommunen Stryn. Vikalida er ein flott barnehage, ny i 2007. Heidi Liadal jobbar som nestleiar i barnehagen, og er samtidig ein av to rettleiarar. På same måte som dei to lærarane i Hornindal har både ho og Liv Bortne Olsbø positive opplevingar med rettleiingsordninga kommunen har drive fram. Liv starta i barnehagen som nyutdanna i fjor haust, og har med det vore igjennom heile rettleiingsprogrammet.

– For meg var det spesielt nyttig å treffe andre nyutdanna i same situasjon. Her fekk deltakarane konkrete råd, og kunne nytte seg av kvarandre sine opplevingar med hjelp frå mentorane. Dette har heilt klart gjort meg tryggare på meg sjølv som leiar, og det er viktig overfor borna, seier Liv.

«For meg var det spesielt nyttig å treffe andre nyutdanna i same situasjon.»Liv Bortne Olsbø

 
i forkant av alle samlingane har nye og erfarne lærarar førebudt seg med ulike oppgåver. I møta går dei igjennom arbeidet, og tar opp andre problemstillingar dei har møtt i jobbkvardagen. Liv fortel at ho med dette fekk hjelp til raskare å finne rolla si som førskulelærar. På den måten vart det også lettare å ta ansvar. Heidi nikkar samtykkjande. Som rettleiar har også ho blitt tryggare i det ho sjølv gjer i barnehagen. I tillegg har det vore viktig som rettleiar å sjå utviklingspotensialet hos dei nytilsette.

– Eg byrja på vidareutdanninga som rettleiar fordi eg hadde lyst til å jobbe med rettleiing og ynskte meir kompetanse på området. I tillegg er det jo kompetanseheving noko av det som ligg i å vere ein lærande organisasjon som vi vil vere. Det er utruleg viktig at ein utvekslar kunnskap seg imellom, seier Heidi.

Barnehagen har tidlegare hatt eit samarbeid med høgskulen i Sogn og Fjordane, og det er også her pedagogane har tatt vidareutdanning i rettleiing. I ettertid har dei også hatt møte med høgskulen om korleis rettleiinga kan organiserast best mogleg. Dei er no på andre året med rettleiingsordninga. Heidi og Liv meiner som sine kollegaer i Hornindal at hovudårsaka til at dei har fått til satsinga på rettleiing, er det målretta fokuset som skuleeigaren har hatt. Ynsket frå kommunen om å få det til. I tillegg har barnehageleiinga sett fordelane og er villige til å satse.

– Samtidig har vi heilt frå start hatt fokus på at opplegget skal vere mogleg å gjennomføre. Vi skal ikkje leggje opp til fleire samlingar enn det er mogleg å få til, meiner Heidi.