udir

_MG_8380

Intelligente lesarar


Forfattaren Bjørt Sortland ser liten skilnad på å skrive for barn og vaksne. –Det du skriv, må ikkje vere løgn, barn er ikkje korka, seier han.


bjørn sortland

Fødd i Bergen i 1968, vaks opp på Sortland på Bømlo.

Gjekk på Skrivekunstakademiet i Hordaland 1990–91.

Har skrive bøker i ulike sjangrar for barn, unge og vaksne.

Utgitt i 20 land.


Det er viktig å skrive med hjartet og ta ungane på alvor. Vi tillegg av og til ungar at dei skal vere på ein bestemt måte, like slikt og sånn, men dei er jo folk, berre yngre enn oss, seier Bjørn Sortland.

– Det beste rådet eg har fått når det gjeld å skrive for ungar, er at ein skal vere lojal mot knehøgda.

– Kva meiner du med det?

– Mange filmar for barn kan ha fleire blink til dei vaksne som barn ikkje kan forstå. Då gløymer du kor lojaliteten ligg. Når du lagar noko for barn, er det den høgda du må vere i. Du kan godt skrive om døden eller om kva som helst, men du må vere lojal mot knehøgda. Du kan ikkje stå der oppe og leike med eit barn som sit på golvet. Å vere lojal mot knehøgda handlar om at ein ikkje kan lage barnebøker for å imponere vaksne. Eg tenkjer at om eg tek vare på ungane, tek eg vare på dei vaksne samstundes.

– Tenkjer du annleis når du skriv for barn enn for vaksne?

– Eigentleg ikkje. Eg trur alle lengtar heim. Alle kan bli kloke og vettuge og forstå andre. Det har eg satsa heile skrivinga mi på.

han har skrive over 40 bøker, hovudsakleg for barn og unge. Mest kjend er han for dei no 14 bøkene om Kunstdetektivene, ein serie som for mange er det første – og einaste – møtet med litteraturen.

– Eg får e-post frå elevar ved vidaregåande skular som skriv særoppgåve om Kunstdetektivene, fordi mange ikkje har lese nye bøker etter at dei las desse på grunnskulen. Ein sa til og med at han ikkje kom til å lese boka, men lurte på om eg kunne gje eit handlingsreferat, seier Bjørn.

– Kva seier det om interessa for bøker blant barn og unge?

– Det er mindre interesse no enn før, eg merkar det godt. Det er færre som gjev bøker i gåver i barnebursdag, for eksempel. Du skal ikkje langt ut på landet før det er meir kjøleskapsmagnetar enn bøker i ein bokhandel, seier Bjørn.

– Kva synest du om det?

– Det er eit tap. Av mange grunnar. Mistar dei litteraturen, mistar dei den intravenøse følelsen for språk, ordforrådet og kondisen på å lese. Og dei kan miste heilskapen, forstå korleis ting heng saman. Om du til dømes orkar å lese ei bok om andre verdskrigen, har du noko å møte omgrepet med.

Bergensforfattaren sit på kafé i Oslo med espresso i koppen og ei haremaske på stolen ved sida. Ei gåve frå fotografen som brukte maska som rekvisitt på fotoopptaket med referanse til Kunstdetektivene. Ideen gjekk rett heim hos Bjørn Sortland.

– Eg er happy med at fotografen plukka den maska, det er litt David Lynch over det. I tillegg er hovudpersonen ein hare i første kapittelet i den siste boka mi, Trondheim-mysteriet.

– Det er herleg å sleppe å smile og stå fram som den søte barnebokforfattaren – i den grad eg ville greidd det.

Seier Bjørn Sortland som nyleg har kome med sitt siste tilskot, fyrste boka i ein serie om Zara, ho er zombie og blør naseblod. Han er sikker på at barna veit kva ein zombie er.

– Dette er «Thomas» og «Emma», berre litt jazza opp. Zara skal byrje i barnehagen, men there will be blood, lovar han.

– Korleis trur du ei bok om zombiar for barn vil bli teken imot?

– Ungar har i dag referansar til slikt, mange har tatoverte foreldre. Det er ei bok til dei.

bjørn sortland treffer ofte sine yngre lesarar, sidan han er ute på meir enn 150 klassebesøk i året over heile landet.

– Det gjer noko med deg, eg blir sliten, men også oppglødd. Eg ser kor viktig litteratur kan vere, og tenkjer at ungar, det er mine folk. Eg er i nokre barnehagar også, men det er lenge sidan eg har skrive for den aldersgruppa. No gjer eg det, og reknar med å dra meir rundt i barnehagar igjen.

– Kvifor er det viktig å lese for barn?


bibliografi

Debuterte i 1992 med ungdomsromanen, Det er ikkje natta (Samlaget 1992).

Gav ut biletboka Raudt, blått og litt gult i 1993.

Har sidan gitt ut over 50 bøker, blant anna 14 bøker i serien om Kunstdetektivene.

Kom nyleg ut med ny serie for barnehagebarn, «Zara og dei».


– Om du ikkje les for barna, så blir dei overlatne til det TV og spelverda vel å plotte inn i ungane, ofte svært kommersielle aktørar, som ikkje har nokon annan agenda enn at det skal selje. Dei tek ikkje nødvendigvis vare på ungane dine.

– Kva bokråd har du til dei som jobbar i barnehagane?

– Dei må lese! Å lese er ein happening. Ungar likar det. De likar roa rundt det, ei ro som eg meiner er avgjerande for å bli deg sjølv, både for vaksne og barn. God litteratur er problematiserande i sitt vesen. Det skapar forståing og identifikasjon, lanserer nye tankar og univers. Til og med Karius og Baktus, dei er einsame der dei seglar rundt på jakt etter nye tenner, det er eksistensielt for dei. I god litteratur møter du nokon du treng som ven i ein periode, kanskje du kjenner deg betre igjen i dei enn i andre vener. Mitt råd er at den som les for barn, må finne bøker som lesaren i deg sjølv likar. Om det ikkje er gøy eller trist for deg, er det ikkje gøy eller trist for dei du les for heller. Er det ikkje relevant for deg, er det ikkje relevant for andre.

– Og kva skal dei lese?

– Nesten kva som helst så lenge det er gøy og relevant. Gjerne gamle ting som Knerten, ekte fantasy om ein kvist som lever. Det er også kome veldig mykje bra nytt, nye forfattarar som treffer ungar der dei er. Alle gode bøker handlar om nokon som må slåst eller kjempe. Det blir ofte også lesaren sin kamp, som identifiserer seg med den som må jobbe hardt. I det ligger det eit humant prosjekt med lesing. Vi forstår betre rett og slett.

– Kva skjer om ein ikkje les?

– Eg trur vi mister mykje verdifult. Det var nyleg ein som underviser lærarhøgskulestudentar som sa at han lurer på om studentane har omgrep for ordet omgrep, om dei forstår at omgrep finst, at det er ein nøkkel til å forstå andre ting. Eg er redd for at ungar skal miste det. Når eg er rundt på skular, har eg selt inn bøker med at du får «bilete i hovudet» av det. Her om dagen var det ein gut som sa: «Eg får ingen bilete. Eg kan ikkje lese Harry Potter, eg må sjå filmen». Det får eg angst av, før har ein forstått kva eg meiner. Om ungane ikkje forstår det lenger, har noko veldig verdifult gått tapt. Då kan du seie at fantasien er drepen, og innlevingsevna di og empatien kan forsvinne. I verste fall, seier Bjørn.

han har ikkje noko imot at ungane kjem inn i litteraturen gjennom Pingle, Hestebøker, grøss og gru, Hardy-gutane eller Nancy Drew for den del .

– Berre dei blir interesserte i konseptet bok. Eg har alltid likt å lese, så eg las mykje. Alt mogleg. Ikkje minst seriebøker, spenningsbøker av alle slag. Men Fem-serien var best. Eg likte elles veldig godt bøker som var enkle og morosame, men som likevel hadde eit nivå som handlar om eksistensen vår, utan at du berre skal lære å pusse tenner. Bøker er eit univers. Det er fantastisk, berre du opnar boka er du i ei anna verd.

– Korleis bruker du sjølv fantasien når du skriv?

– Eg har ikkje så god fantasi, men eg hugsar godt kva eg kjende på som barn, eg hugsar godt med kroppen. Å skrive er å ta ut essensen av noko. Det er ikkje berre fantasi, men å vere skjerpa. Min bruk av fantasi er at eg er far til Zara når eg skriv om henne. Innleving. Slik bruker eg fantasien.

– Korleis skal ein stimulere barn til å utvikle fantasien?

– Det er vanskeleg å seie kva fantasi er, vanskeleg å berre hive ut «bruk fantasien». Eg trur ikkje vi skal krevje av barn at dei skal bruke fantasien, dei er ofte veldig konkrete, realitetsorienterte og jordnære. Eg er ikkje imot fantasi-omgrepet, men ein skal ikkje tilleggje ungar at dei går rundt som små lys-geysirar med kreativitet. Ofte gjer dei ikkje det. Då tek ein dei ikkje på alvor.

– Dine heltar er ofte litt einsame, kjenslevare og tenksame. Kvifor?

– Alternativet er keisamt, slik eg ser det. Eg lengtar etter nokon å kjenne meg igjen i når eg les, og eg kjedar meg på akkurat same måte no som da eg var barn, om eg ikkje finn det. Keisamt inneber eigentleg at det ikkje er relevant, at vi ikkje identifiserer oss. Eg er ikkje ute etter billig underhaldning, eg legg like mykje i å skrive ei bok om Kunstdetektivene som i «Så høgt har eg elska». Livet er komplisert for dei fleste, alle lengtar heim. Da må ein som forfattar ikkje tøffa seg eller lage enkle løysingar. Du kan skrive enkelt, men aldri banalt, seier Sortland.

forfattarskapen til sortland har ei breidde ein ikkje finn hos mange andre forfattarar. Det spenner frå barnebøker som «Raudt, blått og litt gult» og spenningsserien om Kunstdetektivene til bøker som «Ærlighetsminuttet» og «Det hjertet husker» (om Frida Kahlo).

– Eg må like det eg skriv sjølv, eg skriv om det eg sjølv er oppteken av. Eg har ikkje noko eige prosjekt. Ungar liker overraskande ofte det same som vaksne. Dei liker ikkje uinspirerte, idylliserande barnebøker med høg kakao-faktor og parodisk koselege bestefedrar frå ein barndom som eigentleg aldri har eksistert. Som forfattar må eg ha kontakt med mitt eige stoff, som det heiter. Det er det einaste, det viktigaste.

Han har ofte humor med i bøkene sine, noko titlar som «Ho tok av seg blusen og sa ho var bibliotekar» eller «12 ting som må gjerast før verda går under» formidlar .

– Ungar flest har god humor. Dei forstår ofte det same som oss. Med ironi er det vanskelig å seie, eg trur dei skjøner det også, seier Bjørn Sortland.

Derfor skriv han ting som dette under dei 20 mest vanlege spørsmåla han får frå barn og unge på heimesida si:

Spørsmål: Har du fått terningkast 6?

Svar: Ja, i VG. Eg lurte pittelitt på å tatovere terningen inn på skuldra mi, men lét det vere.