udir

7347

– Kan ­anbefalast på det varmaste


Etter mange år i barnehage tok fagarbeidaren Åse Britt Engeland Tveiten kompetansehevingsstudium på Universitetet i Agder. Ho har ikkje angra eit sekund.

Barne- og ungdomsarbeidaren Åse Brith Engeland Tveiten begynte på kompetansehevingsstudium for assistentar og fagarbeidarar i januar 2013. No trivst ho enda betre i jobben sin.

– Eg har innemellom tenkt at eg kanskje burde gjere noko anna etter så mange år. Men eg trivst så godt med å jobbe med barn, og kan ikkje tenkje meg å byte det mot noko.

åse brith har jobba i barnehage i snart 30 år. Ho tok fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar for ein del år sidan, og jobbar no på småbarnsavdelinga i Eiken barnehage. Ønsket var å friske opp litt av det ho hadde lært tidlegare, og sjå kva nytt som rørde seg. Studiet gjekk over to semester.

– Sidan eg tok fagbrevet som privatist, følte eg at eg gjekk glipp av ein del ting. Eg las mykje, men hadde for eksempel ikkje førelesingar eller folk å diskutere med. Ofte har eg også tenkt at eg kunne mindre enn andre som har studert meir. Men no har eg fått stadfesta at eg gjer mykje riktig, fortel Åse Brith.


Kompetansehevingsstudier for assistenter og fagarbeidere

Du kan ta videreutdanning med eksamen (15 studiepoeng) eller som etterutdanning (kurs) uten eksamen. Studiet gir innsikt i barnehagetradisjon, yrkesetikk og pedagogisk refleksjon.

Ønsker du å ta kompetansehevingsstudiet for assistenter og fagarbeidere? Ta kontakt med din arbeidsgiver og/eller fylkesmannen i ditt fylke for mer informasjon om igangsetting, søknad og opptak.


Kompetansehevingsstudiet for assistentar og fagarbeidarar i barnehagen er eit studietilbod på 15 studiepoeng. Målet med studiet er å gi studentane ei innsikt i barnehagetradisjon, yrkesetikk, og erfaring med pedagogisk refleksjon.

Det enda med at Åse Brith var den einaste frå Eiken barnehage som starta på studiet. Ho fekk fri med løn, og det var sett inn vikar etter behov dei dagane ho var borte frå barnehagen.

– Dei andre deltakarane på studiet var gjerne tre – fire frå same barnehage. Så dei hadde kanskje ein fordel når det gjaldt å diskutere saker frå eigen arbeidsplass saman. Men det var også spennande å møte folk frå andre miljø.

vi hadde mange interessante diskusjonar mellom førelesingane.

Den erfarne barnehagearbeidaren hadde tidlegare tenkt det var vanskeleg å få fri så lenge for å ta meir utdanning. Kompetansehevingsstudiet som Åse Britt tok, hadde samlingar på fredagar og laurdagar, fem gonger. Til saman var dei 30 studentar som starta på studiet på Universitetet i Agder.

– Det var det som var så fint, vi lærte mykje på kort tid. Eg fekk enda meir ut av det enn eg hadde trudd på førehand.

Trass i litt nervar før ho starta, gjekk det bra med både oppgåveskriving og eksamen. Sidan ho ikkje hadde gjort mykje av til dømes oppgåveskriving tidlegare, var ho i starten usikker på korleis dei burde utformast.

– Eg prata så litt med dei andre, og skjønte at eg berre måtte begynne ein stad. Og det gjekk veldig fint. Studiet har passa perfekt for meg.
Åse Brith fortel at det var godt å få stadfesta gjennom førelesingane ein del av det ho sjølv har tenkt i jobben sin. I tillegg har ho lært mykje om korleis ein best kan gå fram i høve til barn i ulike situasjonar. For eksempel har ho vorte meir bevisst på å ta med meiningane til barna i når dei skal avgjere ulike saker i barnehagen.

– Alle skal føle at dei har medavgjerd. Slik opplever dei meistring og at dei har eigne meiningar som er viktige. Vi vaksne skal sjølvsagt setje grenser, men dei skal lære å ta eigne avgjerder.

Samtidig har ho vorte enda flinkare til å forklare ungane meir. Kvifor noko kan vere lov ein dag, og ikkje lov ein annan.

– Eg var glad eg hadde erfaring å relatere til då eg tok studiet. Slik var det lett å setje seg inn i ulike eksempel, og sjå for seg korleis barn vil reagere på situasjonane som vart diskuterte.

og diskusjonar mellom studentane var det også utanom samlingane. Lærarane la ut ting på eit forum på nettet som studentane skulle diskutere. I tillegg tok dei også opp tema frå eigen arbeidskvardag.

– Det var artig å sjå at andre også engasjerte seg når ein la ut ting. Kommenterte ein noko, var det alltid andre som hadde opplevd noko liknande, og hadde innspel.

Barne- og ungdomsarbeidaren kjem med ei klar oppfordring til andre som har vurdert eit liknande studium.

– Får de sjansen, anbefaler eg studiet på det varmaste. Eg hadde teke det ein gong til om eg hadde fått moglegheita.