udir

_POP6861

– Læringsmiljøet betyr alt


Dei scorar høgt på alle trivselstestar, og fekk Dronning Sonjas skulepris for 2013. Kva er det med lærings­miljøet på Porsgrunn vidaregåande som ­vekkjer slik begeistring?

Porsgrunn vidaregåande skule har lagt fram den pedagogiske plattforma si for leiarar i Kina. Dei har hatt ministrar på besøk i fleire omgangar, og no sist Dronninga. Skulen har også vore prosjektskule i den nasjonale satsinga Betre læringsmiljø.

– Alt dreier seg om læringsmiljø. Og det får ein til ved at elevane vert inkluderte og vert mest mogleg ansvarlege på alle nivå i skulen, seier Laila Lerum, rektor ved Porsgrunn vidaregåande skule.

Laila tek imot oss på skulen som ho har vore rektor på dei siste fem åra. Med nesten 200 tilsette og 1130 elevar er det ein stor telemarkskule ho er leiar for. Og ho meiner det når ho seier at elevane på skulen hennar skal ha stor innverknad.



Dronning sonjas skolepris
Porsgrunn vidaregåande skule fekk Dronning Sonjas skolepris for 2013. Skulen satsar på tre sider ved læringsmiljøet: skuleleiing, klasseleiing og elevmedverknad.

I mars vert elevrådsleiar Christian Asdahl med når ho skal forelese på Skolelederforum 2014. Her samlast landets fremste på skuleleiing og leiingsutvikling – og innlegget held Christian og rektor Laila i lag.

– Eg er oppteken av at ein skal vise i praksis det ein preikar. Ein må omsette flotte dokument til handling. Kvifor ikkje berre vise korleis elevmedverknad kan gjerast når det er det eg skal snakke om? spør rektoren entusiastisk.

«Vi er opptekne av å ikkje peike finger
overfor elevane. Det som gjeld elevane gjeld oss som tilsette også.»
Laila Lerum

 
Porsgrunn vidaregåande skule satsar spesielt på tre sider ved læringsmiljøet. Hovudinnsatsen ligg på skuleleiing, klasseleiing og nettopp elevmedverknad. Skulen deltek i fleire utviklingsprogram knytte til desse felta, og elevrådsleiaren er på to vekers leiarkurs innan Global Young leadership i USA før han går på som elevrådsleiar.

 
laila meiner medverknaden og mogligheitene elevrådsleiaren får, gjer at elevane blir spesielt obs på ein ting, nemlig at kunnskap gir moglegheiter.

– For å auke læringsmoglegheitene er vi også opptekne av å få inn det internasjonale perspektivet på fleire måtar.

Blant anna er ungdommane med på ein internasjonal ekskursjon i løpet av skuletida. Her bur dei ei veke hos familien til jamngamle i andre land. Dei har hatt Vg3-elevar på ekskursjonar på kryss og tvers i verda – frå Kina, til Svalbard til Amerika. Lærarane er gode på å tenkje økonomi og å søkje midlar for å få til ting.

– I tillegg til dette er vi opptekne av å ikkje peike finger overfor elevane. Det som gjeld elevane, gjeld oss som er tilsette også. I den pedagogiske plattforma skriv vi for eksempel om den gode klassetimen at «alle møter godt forberedt». Vi snakkar ikkje berre om elevane, det gjeld oss alle, seier Laila.

 
laila viser oss eit enkelt skriv med 4 sider bilete og kulepunkt. Dette er den pedagogiske plattforma Porsgrunn vidaregåande skule haustar godord frå alle hald på. Heftet er eit lett forståeleg samandrag av det som starta som eit 40 siders notat etter ein omfattande prosess med alle tilsette og elevrepresentantar. Det første ein ser, er uthevinga av ordet «saman» i tittelen «SAMAN om meistring, mangfald og miljø».

– Lærarane legg til rette for at vi elevar får vere med og bestemme. Både når det gjeld korleis undervisninga vert lagt opp , og for eksempel når det kjem til at fristar i ulike fag ikkje skal kollidere, seier 18-åringen Daniel Barati. Han sit i elevrådstyret, og kjem innom for å fortelje oss om det å vere elev på Porsgrunn vidaregåande.

Laila legg til at satsinga på læringsmiljøet på skulen er noko som gir dedikerte lærarar. Og det trengst når dei både skal halde eit høgt fagnivå og vere gode på relasjonar.

– Mange bruker fagidiotar med negativt forteikn. Men eg meiner at det er nettopp gode i faget sitt dei skal vere, men det må kombinerast med den gode relasjonen, seier rektoren.



_POP6236

– Alt dreier seg om læringsmiljø. Og et godt læringsmiljø får ein til ved at elevane vert inkluderte og vert mest mogleg ansvarlege på alle nivå i skulen, seier Laila Lerum, rektor ved Porsgrunn vidaregåande skule.


idet vi besøkjer Porsgrunn vidaregåande, har elevane akkurat svart på årets Elevundersøking. Elevundersøkinga bruker dei aktivt for å betre læringsmiljøet.

– Vi har brukt mykje tid på analyse her på skulen. Blant anna har vi knytt til oss ein person med analysebakrunn i leiinga. Når resultata på Elevundersøkinga kjem, bruker vi analyseverktøy for så å få opp beredskapen i kvar avdeling.

Leiinga er samla og går igjennom funna i Elevundersøkinga. Sidan lagar dei ein tilpassa versjon som går til felles personalmøte for alle lærarane, og så resultatspesifikk til kvar avdeling.

– Eg har vorte veldig bevisst på å jobbe strategisk og ta dei riktige kampane til rett tid. Ein må spisse for å nå dei måla ein har sett seg. Dette gjeld også arbeidet med Elevundersøkinga. Vi har vore veldig bevisste på å ta fram dei spørsmåla vi treng for å bygge best mogleg opp om plattforma vår, og følgje opp nettopp desse for å sjå betring, seier Laila.

Også elevrådet er involvert i arbeidet med Elevundersøkinga. Resultata skal i tillegg diskuterast i skulemiljøutvalet kor elevene er i fleirtal.

– Eg meiner vi har eit godt apparat for å sørgje for at elevane har det best mogleg her på skulen. Vi har hatt gode resultat når det kjem til trivsel her hos oss, og også knytt til mobbing, fortel Laila.

Apparatet på skulen er påpasselege heile tida, sjølv om trivselen ser god ut på papiret. Dei har to heile helsesysterstillingar, og dersom det skjer noko, er studierektorane og hjelpeapparatet inne i klassane med ein gong.

– Vi trivst godt her. Alle som går her, veit at vi er ein god skule. Og det at vi van Dronning Sonjas pris, er fantastisk. Det bidreg til å styrke fellesskapet og bygge enda meir stoltheit. Ein god følelse, seier elevrådsleiar Christian Asdahl.

 
rektor laila har akkurat fortalt om ein strålande tale elevrådsleiaren heldt under nettopp denne prisutdelinga. Ho blei bedt om innspel på førehand, men trengte ikkje endre på eit komma. Som ein god elevrådsleiar vil ikkje Christian ta til seg godorda utan å vise til dei andre som hjelpte til.

– Som elevrådsleiar har eg eit veldig godt apparat rundt meg. Vi har 55 tillitsvalde, ein i kvar klasse. Vi har hyppige møte heile skuleåret. Talen vart laga saman med elevrådstyret, seier han.

Eit viktig resultat av arbeidet med læringsmiljø på skulen, er ifølge rektoren aktive, høflege elevar.

– Leit i alle bygningane her. Du finn ikkje ein strek eller noko slags skribleri på eit einaste toalett. Og eg får høyre det frå folk utanfrå som har snakka på større tilstellingar vi har hatt i Aulaen her. Elevane er så engasjerte og høflege. Det var dei så til dei grader under utdeling av Dronning Sonjas Skolepris 2013. Ein skulle tru dei stod på rockekonsert med sine trill runde, blinkande auge, seier rektor.

 
denne høflegheita er også noko ein legg merke til i korridorane på Porsgrunn vidaregåande skule. I aulaen står eit flott flygel som også kvar ein journalist kunne vore freista til å teste ut. Elevane ynglar inn og ut, men roa er påfallande. Ei jente som så vidt er borti eit par tangentar, vert fort retta på av venene sine. Daniel og Christian ser nesten forundra ut idet vi spør om kvifor det er slik. Kvifor skriblar ingen på dodøra?

– Det er vel ikkje noko ein gjer. Ingen synest det er ok, seier dei to elevane før dei høfleg tek oss i handa og spring til neste time.