udir

_MG_2938

– Nettstudium passer meg perfekt


Assistenten Sarvani tek fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar på nett. Slik kan ho studere når ho vil, i sitt eige tempo.

Med full jobb og småbarn fann Sarvani Robert Buell ut at nettstudium kunne passe godt. No er ho på full fart mot fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.

– Eg ønskjer å vite meir om barn si utvikling, om korleis ein kan arbeide for å leggje til rette for barns trivsel, for at dei skal ha det bra i barnehagen, om betydninga av barns leik og læring, og om samarbeid med foreldra. Nettstudiet tek for seg alle desse tema og mange fleire. Alle kjennest like relevante for jobben.

Sarvani har jobba nærmare 15 år i barnehage. Då ho starta, var ho knytt til Pedagogisk fagsenter. No jobbar ho som assistent på Grønland Torg barnehage.



Fagbrev som barne- og ungdomsarbeider

Barne- og ungdomsarbeidere har verdifull ­kompetanse for arbeid i barnehage. Det er viktig at flere utdanner seg til barne- og ungdoms­arbeidere i videregående opplæring, og at denne yrkesgruppen jobber i barnehagen. Assistenter som mangler formell kompetanse om arbeid med barn, kan ta fagbrevet gjennom praksiskandidatordningen som gir ­assistenter med lang erfaring mulighet til å gå opp til fagprøven.

Ønsker du å ta fagbrev? Ta kontakt med din arbeidsgiver og/eller fylkesmannen i ditt fylke eller gå inn på www.vilbli.no eller ­­www.fagbrevpajobb.no for mer informasjon om igangsetting, søknad og opptak.

Ho lærer mykje i eigen jobb. ­Likevel har ho ønskt seg meir teoretisk kunnskap om arbeid med barn. Derfor gjekk assistenten i haust i gang med å ta fagbrev på nett for å bli barne- og ­ungdomsarbeidar. På sikt tenkjer ho også på å bli barnehagelærar. Men først ­ønskjer Sarvani seg uansett eit betre teori­grunnlag gjennom fagbrevet.

– Nettstudia er perfekte for meg akkurat no. Eg har små barn og er i full jobb, så eg hadde ikkje hatt moglegheit til noko anna. No kan eg ta det i mitt eige tempo.

studiet til sarvani er lagt opp med femten innleveringsoppgåver før eksamen. Når oppgåvene er leverte, kan ho ta eksamen. Eksamen kan ein ta to gonger i løpet av eit år.

– Eg tenkjer at det ein lærer, kjem ­barna og foreldra til gode gjennom at eg blir i stand til å gjere ein enda betre jobb.

Nettstudenten har lenge arbeidd med barn og unge. Ho tok tidlegare studiet KOMPASS med ein kollega. Dette moti­verte henne til å fortsetje vidare mot fagbrev.

– Pensum er veldig greitt, det går veldig fint å lese og lære det. Eg trur det er ein ekstra fordel at eg har jobba i barnehage ei stund, for da er det lettare å kople saman teori og praksis. Men ein klarer studiet om ein ikkje har jobba like lenge også, legg Sarvani til.

I løpet av studiet må Sarvani og dei andre studentane lese tre bøker. Parallelt får dei rettleiing på oppgåvene via e-post med rettleiarane. Nyleg leverte Sarvani inn den fjerde oppgåva i rekkja.

– Det gjekk veldig bra! Rettleiaren min var nøgd, og eg fekk god karakter. Så då er det ekstra kjekt. Eg har lært mykje allereie.

sarvani fortel om kva oppgåver dei får. Eit eksempel er å gå djupare inn på kva mobbing er, og kva som er ­skrive om mobbing tidlegare. I tillegg tek ­oppgåvene for seg andre tema som barne­sjukdommar og rasisme.

All undervisning på studiet Sarvani tek, er nettbasert. På nettsidene ligg også namn og kontaktinformasjon til andre studentar. På den måten er det fullt mogleg å kontakte andre og diskutere oppgåvene om ein ønskjer det.

– Det passar meg veldig godt i denne omgang at ein kan gjere alt sjølv med støtte frå rettleiaren. På denne måten brukar eg så lang eller kort tid eg ønskjer. Eg håpar og trur eg skal vere ferdig innan eit år, fortel Sarvani.