udir

3U7A5660

Oppvakninga


Vidareutdanning har gitt pedagogisk leiar Anita Åsvang ein rikare arbeidskvardag. – Eg ser både barna og vande situasjonar med nye auge, seier ho.

Anita Åsvang er pedagogisk leiar og fagleiar ved Nyborg barnehage i Trondheim kommune. Heilt sidan ho var ferdigutdanna pedagog i 1994, har ho har teke ulike kurs og vidareutdanning med jamne mellomrom. På Nyborg har ho vore i tre og eit halvt år.

– Med vidareutdanninga har eg fått eit heilt nytt blikk på arbeidskvardagen. Eg reflekterer meir og legg merke til dei interessante aspekta i daglegdagse situasjonar.

Det treng ho for å trivast.


Pedagogisk utviklingsarbeid for barnehagelærere (PUB)

Videreutdanningstilbud som skal styrke barnehagelærernes kompetanse i planlegging og gjennomføring av utviklingsarbeid.

Ønsker du å ta pedagogisk utviklingsarbeid for barnehagelærere? Ta kontakt med din arbeidsgiver, fylkesmannen og/eller aktuelle utdanningsinstitusjoner for mer informasjon om studiet, igangsetting, søknad og opptak.

– Kvaliteten i barnehagen avheng av kompetansen til dei tilsette. Krava i kvardagen har endra seg kraftig i løpet av 20 år. Ein må utdanne seg for å henge med.

Vidareutdanninga Anita no tek, heiter Pedagogisk utviklingsarbeid i barnehagen (PUB-studiar), og er eit vidareutdanningstilbod for barnehagelærarar. Tilbodet skal styrkje kompetansen til pedagogane knytt til planlegging og gjennomføring av utviklingsarbeid i barnehagen. Studiet handlar om konkrete prosjekt som skal gjennomførast i eigen barnehage. Innhaldet i studiet er knytt opp mot dei fire tematiske satsingsområda i Kompetansestrategien: pedagogisk leiing – barnehagen som lærande organisasjon, danning og kulturelt mangfald, eit godt språkmiljø for alle barn og barn med særskilde behov.

– Ein av fordelane er nettopp at studiet tek for seg oppgåver ein gjer i barnehagen. Det er ikkje noko du må gjere på toppen av alt det andre. Du får tvert imot rettleiing og verktøy til å løyse gjeremål som ligg der frå før meir effektivt, seier Anita.

Framover tenkjer ho at studiet skal bidra til at ho får sett si eiga faglege utviklinga i system. Ho får sett nærmare på sin eigen kvardag og på korleis barna opplever kvardagen sin i barnehagen. Dette er ei utdanning som også kan passe for barnehagestyrarar.

– Studiet eg tek, er særlig retta mot pedagogiske leiarar i barnehagen, men kan også passe for styrarar. Styrar og pedagogisk leiar har ansvar for å leie medarbeidarar i det daglege arbeidet med barna. Dei har ansvaret for å leie utviklings- og endringsprosessar i barnehagen, og styraren sit på ressursane. Det er viktig at utviklingsarbeidet i barnehagen er forankra i leiinga.

i nyborg barnehage jobbar alle tett saman. Det at ein tilsett tek vidareutdanning, vil auke den generelle kompetansen. Seinast den dagen vi snakka med Anita, har ho og kollegaene hatt eit møte kor dei deler erfaringar.

– Eg har lært mykje om korleis ein leier prosessar og utfordrar dei rundt meg. Med det trur eg vidareutdanninga eg tek, også kan gi engasjement og arbeidsglede til fleire.

PUB-studiet er lagt opp til at deltakarane møtest og blir rettleidde i lag. I Sør-Trøndelag er dei 15 deltakarar som er delte inn i mindre arbeidsgrupper. Utanom samlingane får Anita og dei andre rettleiing på e-post, og dei brukar den digitale læringsplattforma It´s learning til å diskutere seg imellom. Studiet går over tre semester, noko som inneber jobb og studium om kvarandre i eit år.

Studiekvardagen betyr at Anita går i full stilling, og at ho har permisjon dei dagane ho er på Dronning Mauds Minne Høgskole. Til no har ho vore på to samlingar på to og tre dagar.

– Du har den tida du har. Eg må lese og planleggje kvardagen godt. Men dette har eg gått for, og tenkjer eg skal klare det, seier pedagogen.