udir

_MG_61422

– Still høgare forventningar til elevane


– Det er godt belegg frå ­forskinga, blant anna frå PISA 2013, for at vi har for låge forventningar til norske elevar. Vi må kunne vente mykje av læraren, læraren må kunne vente mykje av elevane, og alle må kunne vente mykje av politisk ­leiing, seier kunnskapsmi­nister Torbjørn Røe Isaksen.

Vi møter den ferske og travle statsråden i Stortinget, midt mellom mange møte, og dagen etter at dei siste resultata frå PISA-undersøkinga vart lagde fram. Røe Isaksen har snakka i alle kanalar om at vi har eit realfagsproblem i Noreg.

– Vi må ha høgare ambisjonar enn å vere i midten blant OECD-landa. Vi ligg litt over snittet i lesing og litt under snittet i matematikk og naturfag. Dette er resultat vi ikkje kan vere nøgde med, seier Røe Isaksen.



Torbjørn Røe Isaksen
Fakta
Født 1978, Porsgrunn. Kunnskapsminister frå Høgre. Master i statsvitskap.

OECD si siste PISA-undersøking viser at prestasjonane til norske elevar i matematikk har gått ned sidan undersøkinga i 2009. I naturfag er det også ei negativ endring, mens resultata i lesing held seg stabile.

 

oecd har tidlegare peika på at Noreg kan gjere meir for å auke kompetansen til lærarane slik at elevane lærer meir.

– Læraren er løysinga. Eg er overtydd om at lærarane ynskjer seg meir fagleg påfyll. Gode lærarar skal få moglegheit til å bli enda betre med lærarløftet, seier Røe Isaksen.

Regjeringa styrkjer satsinga på etter- og vidareutdanning for lærarar, spesielt i matematikk og naturfag. I budsjettet for 2014 er det sett av 310 millionar kroner meir til etter- og vidareutdanning for lærarane.

– Kvifor er dette viktig?

– Det er fleire grunnar til det. Etter- og vidareutdanning er eitt av elementa i skulesatsinga. Vår tanke er at vi skal byggje opp lærarprofesjonen. Vi skal gjere læraryrket meir attraktivt og heve resultata i den norske skulen. Vi skal både få opp rekrutteringa til lærarstudiet, men også rekruttere enda fleire av dei verkeleg gode studentane til å bli lærarar. Vi må bidra til at læraren får auka status og at etter- og vidareutdanning er ein naturleg del av det å vere lærar, seier Røe Isaksen.

– Vidareutdanning skal ikkje berre vere fagleg fordjuping, men det skal også vere ei fordjuping i didaktikk. Det skal ikkje berre vere å fordjupe seg i faget matematikk, men må kombinerast med læring i å lære bort. I den skulen vi ser for oss i framtida, skal lærarane kunne spesialisere seg i matematikk, til dømes retta mot dei to eller tre yngste årskulla. Ein kan sjå føre seg at ei slik spesialisering i framtida også kan reflektere seg i ein yrkestittel, til dømes lærarspesialist, utan at vi har gifta oss til det omgrepet, seier Røe Isaksen

– Kvifor er det særleg viktig å satse på matematikk og realfag?

– Forsking fortel at samanhengen mellom fagleg fordjuping og elevresultat er særleg sterk i desse faga. Vi ser også frå PISA at ein av dei faktorane OECD peiker på, er at fleire rektorar meiner dei ikkje har den kompetansen dei treng på skulen. Halvparten av realfagslærarane seier dei ynskjer fagleg påfyll, men det er fleire som søkjer enn dei som får moglegheit til å ta vidareutdanning.

 

han peiker på den nye stipendordninga som om lag 450 lærarar kan få delta i, i tillegg til dei vidareutdanningsordningane som lærarane kan søkje på gjennom Kompetanse for kvalitet. Stipendet er på 100 000 kroner for å ta 30 studiepoeng i prioriterte fag, særleg i matematikk. Det er også mogleg å få 50 000 kr for å ta 15 studiepoeng.

– Denne nye ordninga gir læraren større moglegheit til, etter avtale med sin arbeidsgjevar, å bestemme korleis du som lærar ynskjer å bruke støtta. Fordelen med ei slik ordning er at ho gir meir fleksibilitet. Du kan anten ta det som ekstra løn og studere på fritida, eller du kan gjere avtale med arbeidsgjevaren at det skal kompensere for tapt arbeidstid, seier Røe Isaksen.

 

kunnskapsministeren trekkjer også fram nye nettbaserte løysingar som skal utviklast.

– Dette skal ikkje vere det vi kjenner som tradisjonell e-læring, men meir interaktive digitale læringsverktøy. Føremålet er at dei som tek vidareutdanning, skal kunne kombinere og ta delar av utdanninga via eit digitalt verktøy i tillegg til studieopphald ved ein institusjon. Dette gir moglegheit for meir desentraliserte tilbod som det er lettare å få til å passe inn i skulekvardagen.

«Eg trur mange har same oppfatning som meg: Ein god lærar er ein som kan faget sitt, som er god til å lære bort og til å sjå den einskilde elev.»Torbjørn Røe Isaksen

han understrekar at sjølv med 310 millionar ekstra til etter- og vidareutdanning av lærarar, er det ikkje sikkert at alle som søkjer får plass på vidareutdanninga.



Satsinger:
Kompetanse for utvikling 2005–2008. Kompetanse for kvalitet. Strategi for videreutdanning av
lærere 2009–2012. Kompetanse for kvalitet. Strategi for etter- og videreutdanning 2012–2015.

– Dette var det vi fekk til nå. Vi er samstundes tvungne til å byggje opp tilbodssida for vidareutdanninga. Ambisjonane våre er større enn det systemet kan handtere, så vi kunne ikkje berre pøse inn enda meir pengar i Kompetanse for kvalitet. Vi har derfor sett av 50 millionar kroner til utdanningsinstitusjonane for å betre universita og høgskulane sin komptetanse og kapasitet i etter- og vidareutdanningstilboda for lærarar.

– Kva seier du til kommunar som ikkje oppmodar lærarar og rektorar til å vidareutdanne seg?

– Eg har tidlegare høyrt skuleeigarar seie at det er for dyrt, men med den nye satsinga er ikkje det lenger ei orsaking. Som skuleeigar må kommunen finne ut kva slag kompetanse dei har i lærarkorpset og kor dei treng påfyll. På same måte som det er ein heilt naturleg analyse i eit føretak, må det vere det også for ein skuleeigar.

– Kva synest du kjenneteiknar ein god lærar?

– Eg trur mange har same oppfatning som meg: Ein god lærar er ein som kan faget sitt, som er god til å lære bort og til å sjå den einskilde eleven. Og ein lærar som har høge forventningar til elevane sine.

– Kva vil du at norske lærarar skal høyre frå kunnskapsministeren?

– Eg meiner at vi har for låge forventningar til norske elevar, det er både intuitivt og forskingsmessig belegg for å hevde det. Vi må kunne vente mykje av læraren, læraren må kunne vente mykje av elevane, og alle må kunne vente mykje av politisk leiing, seier han.

– Kva er din ambisjon for den norske skulen?

– Det er ein skule der alt som distraherer for læring er rydda av vegen slik at kunnskap står i sentrum. Det betyr at vi må gjere noko med mobbing og tidstjuvar i skulen som står i vegen for det som er skulens eigentlege føremål: Deling av kunnskap og å gjere ungdommen til «gagns menneskje», som det før stod i føremålsparagrafen.