udir

_MG_4283

– Eg vil bli ein god pedagog


May Helen Bjørnfeld har jobba som assistent i barnehage i 8 år. No er ho på full fart mot å bli barnehagelærar – samtidig som ho jobbar.

Etter fleire år i barnehage ønskjer assistent May Helen Bjørnfeld frå Nordagutu å bli barnehagelærar. Derfor er 34-åringen i gang med studiet Arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU).

– Eg har lært mykje av samlingane allereie. Ein kan ein heil del som assistent, men no har eg fått eit meir bevisst forhold til barna. Eg har lært meg årsakene til kvifor dei er som dei er, og korleis eg betre skal handtere ulike situasjonar.


Arbeidsplassbasert barnehage-lærerutdanning (ABLU)

Denne gruppen med søkere/studenter kjenner barnehagen som virksomhet og barnehagens oppgaver, ansvar og utfordringer. Barnehagen, som er studentenes arbeidsplass, skal også være en viktig undervisnings- og læringsarena for utdanningsinstitusjonene og barnehagens øvrige ansatte. Utdanningen er organisert over 4 år og gir bachelorgrad. Utdanningsinstitusjonene har et samarbeid med barnehageeier.

Ønsker du å ta arbeidsplassbasert barnehagelærerutdanning? Ta kontakt med din arbeidsgiver eller/og aktuelle utdanningsinstitusjoner for mer informasjon om igangsetting, søknad og opptak.

ABLU er eit tilbod til assistentar og barne- og ungdomsarbeidarar som ønskjer å utdanne seg til å bli barnehagelærarar. Studiet er organisert som ei deltidsutdanning over fire år, og studentane må vere i arbeid under studiet. Barnehagen blir trekt inn som læringsarena, og det er eit tett samarbeid mellom utdanningsinstitusjonen og praksisfeltet.

May Helen synest det er spennande å vere tilbake på skulebenken. Ho har teke fleire kurs, i tillegg til utdanninga kompetanseheving for assistentar i barnehagen. Men korleis er det plutseleg å skulle vere student i barnehagen ho har jobba så lenge i som assistent?

– Med praksisplass ein annan stad hadde det kanskje vore enklare å sjå situasjonar med nye auge. Her kjenner eg både barnehagen og barna så godt frå før. Samtidig gjer kjennskapen meg også tryggare til å prøve meg fram. Eg er trygg på omgivnadene og på dei rundt meg, fortel May Helen.

Slik meiner ho også at det kan vere lettare å konsentrere seg om dei skuleoppgåvene ho skal løyse mens ho er på jobb.

may helen fortel at praksisperioden tidvis er utfordrande. Det er mykje jobb med pensum og lange kveldar. Samtidig er det mykje som skjer på kveldstid i ein barnehage, med møte og planlegging. Likevel er den kommande barnehagelæraren klar på at ho ikkje ville vore forutan.

– Det har vorte meir spennande å vere på jobb, både på grunn av kursa eg har teke tidlegare, og utdanninga eg er i no. Eg ønskjer å bli ein god pedagog med ei solid utdanning, og studiet er godt tilrettelagt, legg ho til.

Etter at ho var teken opp som student ved Høgskulen i Telemark, skreiv ho kontrakt med barnehagen ho jobba i. Kontrakten gjekk ut på at ho skulle vere i denne barnehagen i eitt år parallelt med at ho studerte. Slik fekk ho 40 prosent permisjon.

– I praksis gjer dette at eg jobbar tre dagar i veka og er på førelesingar dei to andre, fortel May Helen.

I løpet av året har studentane sju praksisveker. Fire veker om hausten og tre på nyåret. May Helen håper at kollegaene rundt henne også kan få noko ut av at ho studerer.

– Eg prøver å inspirere, men synest samtidig det er viktig at eg ikkje trykkjer noko ned over hovudet på dei andre. Men eg snakkar mykje om kva eg har lært, og har inntrykk av at dei synest det er spennande. Ein del av dei tok utdanninga si for ei god stund sidan, og i dag lærer vi gjerne ein del andre ting.

Til dømes fortel May Helen at ho har lært mykje om møtet med minoritetsspråklege barn, og generelt korleis ein best snakkar med barn. Dette fortel ho har vore nyttig for eksempel i situasjonar kor barn er i konflikt med kvarandre.

– Eg har vorte flinkare til å stille spørsmål, i staden for å fortelje barna at det dei gjer er gale. Parallelt med at eg sjølv reflekterer meir, får eg også barna til å gjere det.