udir

_MG_8468

Vil løfte kompetansen i heile regionen


For Vestnes kommune handlar kompetanseheving om samarbeid, etterspurnad og nysgjerrigheit. – Ein må tørre å stå i viktige prosjekt over tid, seier barnehagekonsulent May-Britt.



Fakta

Kommunen som barnehagemyndigheit skal sikre at barna har eit godt pedagogisk og trygt barnehagetilbod.
Les meir på udir.no/Barnehage/

Vestnes har hausta skryt frå fleire hald for sitt samarbeid med barnehagane i kommunen. Udir tek turen til staden midt mellom mellom Molde og Ålesund for å prate meir med barnehagekonsulenten i kommunen.

– Vi har nok ein stor fordel her i kommunen ved at vi kjenner kvarandre. Eg er godt kjend med barnehagane og har nær kontakt med dei ulike leiarane.

may-britt skavnes tek imot oss på rådhuset, eit steinkast frå hurtigbåtkaia. I løpet av yrkeslivet har May-Britt vore tilsett som styrar i fleire av barnehagane i kommunen. Ho var ferdigutdanna førskulelærar i 1990, og er no i gang med vidareutdanning i barnehagemyndigheit, innovasjon og kompetansebygging. Barnehagekonsulenten meiner planlegging på lang sikt er viktig for å få til kompetanseutvikling i barnehagen.

– Det kan ta tid før dei tilsette føler dei eig prosjekta. Og eigarskap er viktig om ein skal få til noko. Ein må sørgje for at også dei nytilsette blir sette godt inn i det arbeidet som skjer, og at alle føler meistring, seier May Britt.

Vestnes kommune samarbeider også med nabokommunane for å utnytte ressursar og utveksle erfaringar. May Britt blar i papira sine og viser oss ein av utviklingsplanane barnehagane jobbar etter.

– Ynsket er også å løfte sektoren i heile romsdalsregionen. Vi vil hjelpe kvarandre med å heve kompetansen, fortel ho.

eit prosjekt barnehagar og kommunar jobbar med no, omhandlar spenningsfeltet mellom den ordinære opplæringa og det spesialpedagogiske tilbodet. Dette er eit tema som også er teke opp i kompetansestrategien frå Kunnskapsdepartementet. Samarbeidspartnar Rauma kommune er om lag på same storleik som Vestnes. Prosessen involverer alle barnehagane og skulane i dei to kommunane.

–I arbeidet med dei større prosjekta har vi hatt hjelp av kompetansesenter utanfrå, til dømes Høgskulen i Volda, eit konsulentfirma, Statped og Læringsmiljøsenteret. Det har vore nyttig med fagleg påfyll utanfrå, arbeid i nettverk og med rettleiing mellom fagdagane, legg May Britt til.

som barnehagekonsulent jobbar ho med å sjå til at barnehagane blir drivne etter barnehagelova.

– Vestnes si rolle som barnehagemyndigheit går på å samordne og koordinere sektoren. Vi fordeler ressursar og prøvar å lage gode system, flytskjema og malar til bruk ute i barnehagane. I tillegg jobbar vi med organisasjonsutvikling, både individuelt og på organisasjonsnivå, i lag med ulike samarbeidspartnarar. Her gjeld det å sørgje for å halde utviklingsprosjekta i gang.

Med dette går mykje av kvardagen til May Britt med til rettleiing og etterspørjing. Når det kjem til kompetanseutvikling, passar Kunnskapsdepartementets kompetansestrategi for framtidas barnehage godt med det kommunen legg vekt på.

– Det er viktig at en vel seg ut nokre prosjekt ein vil satse på over lengre tid. Framover har vi no to større prosjekt som vi vil ha størst fokus på. Desse famnar hovudtemaa i strategien til departementet, fortel ho.

«Eg trur at om ein lærer litt, så vil ein ha meir. Så noko av det viktigaste ein kan bidra med, er å fore nysgjerrigheita og halde ho oppe.»– May-Britt Skavnes

kompetansestrategien tek for seg fire prioriterte tematiske satsingsområde: pedagogisk leiing – barnehagen som lærande organisasjon, danning og kulturelt mangfald, eit godt språkmiljø for alle barn, og barn med særskilde behov. Områda skal gi ei overordna føring og retning for arbeidet med kompetanseutvikling i barnehagane i åra framover.

– Eg opplever at dei barnehagetilsette er nysgjerrige og kunnskapshungrige. Mange av dei har jobba lenge i barnehage som assistentar og går no for fagbrev. Dette prøver vi å leggje til rette for både praktisk og økonomisk, seier May-Britt.

Midlar som kjem frå fylkesmannen til kompetansehevingstiltak fordeler kommunen likt ut til dei private og kommunale barnehagane. Det heng òg saman med at barnehagane stort sett er med på det same, uavhengig av eigar. I prosjekt der kommunale barnehagar blir pålagde de å vere med, vert dei private inviterte med.

barnehagekonsulenten fortel om positive erfaringar med at langsiktige prosessuelle tiltak med fagdagar, rettleiing og nettverk, motiverer. Her lærer alle av kvarandre, samtidig som dei får input frå ekspertar. Denne balansen er viktig.

– Eg trur at om ein lærer litt, så vil ein ha meir. Så noko av det viktigaste ein kan bidra med, er å fôre nysgjerrigheita og halde ho oppe. I tillegg er refleksjon sentralt. Når pedagogane lærer seg å bruke ein god refleksjonsmodell i kvardagen, får organisasjonen mykje tilbake.

For å få fram kor viktig refleksjon er, har Vestnes kommune eigne refleksjonsgrupper med barnehagetilsette. Her er den pedagogisk leiaren i den enkelte barnehagen gruppeleiar for resten av dei tilsette. Dei kommunale barnehagane er pålagde å vere med i desse gruppene, mens dei to private har fått tilbod om det. Den eine har takka ja, mens den andre har eit eige opplegg.

– I dette arbeidet har gruppeleiaren ansvar for å introdusere og bruke refleksjonsmodellen. Tanken er sjølvsagt at modellen skal bli ein naturleg del av måten dei tilsette nærmar seg problemstillingar i kvardagen.

Etter ein prat på kommunehuset tek May Britt oss med ein liten tur rundt for å sjå på ein av barnehagane. Rett oppi bakken ligg den største barnehagen i kommunen. Fjella ruvar i bakgrunnen, og fotografen har vanskar med å bestemme seg for kva retning han vil knipse – naturen er like dramatisk alle vegar.

may britt ser bort på barnehagen og føyer til at dei no framover også vil ha meir fokus på arbeid med barns trivsel i barnehagen. Det som eit ledd i arbeidet med å førebyggje mobbing i barnehagen.

– Vi har vorte meir bevisste på dette no, og det trengst meir kompetanse rundt dette i heile sektoren. Når vi skal arrangere Romsdalsk barnehagestemne til hausten, vil eit av kursa handle om korleis ein arbeider førebyggjande mot mobbing. Vaksne som ser barna og er til stades, er avgjerande. Om ein i tillegg har fokus på å jobbe etter gode standardar, får ein også den varigheita som er så viktig for å få til ting over tid, seier ho.