Nasjonale senter


10 nasjonale senter har nøkkelroller for å utvikle kvaliteten på opplæringa i Noreg.

Utdanningsdirektoratet har ansvar for fagleg styring og oppfølging, medan vertsinstitusjonane har det administrative ansvaret for sentra.

Nyttige ressursar
10 nasjonale senter har nøkkelroller for å utvikle kvaliteten på opplæringa i Noreg.



Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO)

Arbeider med kompetanseheving, nettverksbygging og utviklingsprosjekt for å fremje inkludering og likeverdig opplæring i barnehagar, skolar og vaksenopplæringsinstitusjonar.
nafo.hioa.no

Lesesenteret

Er eit ressurssenter for lesing og leseopplæring i barnehage, grunn­skole, vidaregåande opplæring, vaksenopplæring og høgare utdanning. Senteret er òg eit spesialpedagogisk kompetansesenter for lese- og skrivevanskar.
lesesenteret.uis.no

Naturfag­senteret

Skal bidra til auka kvalitet i naturfagopplæringa og auka motivasjon og interesse for naturfaga i barnehagen og grunnopplæringa.
naturfagsenteret.no

Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet

Arbeider for å styrkje rolla til barnehagane og skolane som helsefremjande og førebyggjande arenaer for barn og unge.
mhfa.no

Læringsmiljøsenteret

Bidreg til å realisere statens satsingar i utdanningspolitikken gjennom kompetanseutvikling, og til å auke kvaliteten i læringsmiljøet for barnehagebarn, elevar, lærlingar og vaksne.
laringsmiljosenteret.uis.no

Nynorsk­senteret

Skal vere eit nasjonalt ressurssenter for nynorsk i grunnopplæringa. Senteret skal ha som hovudoppgåve å leie og koordinere arbeidet med nynorsk i opplæringa, arbeidsmåtar og vurderingsformer.
nynorsksenteret.no

Framandspråk­senteret

Arbeider for auka kvalitet i fra mandspråkopplæringa og for at opplæringa skal få eit praktisk og variert innhald, og bidra til auka motivasjon og interesse for framandspråk.
fremmedspraksenteret.no

Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa (KKS)

Skal bidra til auka kvalitet i kunst- og kulturfaga i barnehagane og grunn­opplæringa, og bidra til engasjement og auka interesse for opplæringa innan kunst- og kulturfaga.
kunstkultursenteret.no

Matematikksenteret

Senteret er eit nasjonalt ressurs­senter for matematikkdidaktisk kompetanse og leier og koordinerer utvikling av nye og betre arbeidsmåtar og læringsstrategiar i matematikkopplæringa.
matematikksenteret.no

Skrivesenteret

Eit nasjonalt ressurssenter for skrivestimulering og opplæring i skriving i barnehagen og grunnopplæringa.
skrivesenteret.no