UDIR-EA-akerhamn-Ryvingen-Barnehage-00581-shv_front


Eit vognskur til den nye småbarnsavdelinga, tre leikehytter, ein terrasse og ei treveggers grillhytte er dei synlege resultata av samarbeidet mellom Ryvingen barnehage og Åkrehamn vidaregåande skule i Åkrehamn.

Men dei usynlege resultata av samarbeidet mellom dei to institusjonane som nærmast ligg vegg i vegg i Åkrehamn på Karmøy, er minst like viktige.

– Det var kjekt å få byggje noko til dei små, smiler Christoffer Pedersen, som sjølv gjekk i Ryvingen barnehage som liten, og som no, saman med klassekameratane i Vg2 bygg og anlegg, sytte for at barn og vaksne fekk si etterlengta grillhytte, ein samlingsstad i ly for vêr og vind.

– Klart det var ekstra stas å få bidra akkurat i denne barnehagen. Eg kjende til og med att fleire av dei tilsette, legg han til.

Sosial kompetansebygging. Ei av dei var pedagogisk leiar Lillian Nilsen Liknes, som har jobba i den foreldreeigde barnehagen i Åkrehamn sidan han opna i 2001.

– Christoffer var på ei anna av­deling, så eg kjende han ikkje att med det same. Men da eg vart merksam på at han hadde gått her, spurde eg om han kjende att meg.

– «Eg hugsa deg, ja.» Smilet om munnen gjer auga smale bak brilleglasa, og Lillian beskriv møtet mellom ungdommane og småtassane i barnehagen.

– Ungane er jo så direkte. Dei hang over gjerdet, spurde og grov og kommenterte. Nokre av gutane var tydeleg vande med småungar og svarte godmodig tilbake, andre verka meir stive i starten, men tødde fort opp, fortel ho.

Lillian framhevar utvikling av ­sosial kompetanse som ei viktig frukt av samarbeidet.

– Både for barna og ungdommane. Eg ser korleis dei små lyste opp berre med eit «hei» frå «jobbemannane». Ja, dei kalla dei det.

Og ho gjev ei levande beskriving av korleis dei små gjorde store auge i møte med hjelmar og snikkarbelte da dei flotte ungdommane gjorde sitt inntog i barnehagen for å byggje leikehytter for dei!

– Barna fekk svar på mange nye spørsmål, og dei store gutane fekk trening i korleis dei skulle snakke, setje grenser og ta omsyn. Dette går begge vegar, meiner ho.

Markeringar vart sette opp rundt området der elevane jobba, og barna var stort sett veldig flinke til å rette seg etter grensene.

– Viktig læring også det, legg ho til.

 

UDIR - EA - akerhamn - Ryvingen Barnehage 00581 shv_web

Ludvig Vea

Lærar ved Vg2 bygg­teknikk ved Åkrehamn videregående skole

UDIR - EA - Åkrehamn - Ryvingen Barnehage 00277 svh_web

Lillian Nilsen Liknes

Pedagogisk leiar i Ryvingen barnehage

 

UDIR - EA - Åkrehamn - Ryvingen Barnehage 00603_bw_web

Siv Elin Ve

Dagleg leiar i Ryvingen barnehage

Christoffer Pedersen har sjølv gått i Ryvingen barnehage. No har han som elev på bygg og anlegg ved Åkrehamn vidaregåande skule vore med på å byggje grillhytte hos naboen, ein samlingsstad for ungane i barnehagen. Naboskapet har òg inspirert ungane til å byggje sjølve.

Bygg som blir brukte. Ludvig Vea som er lærar ved Vg2 byggteknikk ved Åkrehamn vidaregåande skule, er oppteken av at elevane skal få jobbe med reelle oppdrag.

– Det blir skapt lite gjennom modellbygging. Elevane må ut. Kjenne på vêret og kjenne på kva som ventar dei som tømmermenn, er hans meining. Derfor har han som regel også den tradisjonelle klasseromsundervisninga ute eller i verkstaden.

– Mange av elevane er skuletrøytte. Sjølve klasseromssituasjonen kan vere nok til at dei ikkje lærer, seier han, og viser til at elevar med to i matematikk frå ungdomsskulen no får fem.
At elevane hans har fått høve til å setje sitt tydelege preg på barnehagen i nabolaget, har ifølgje han hatt mykje å seie. Å sjå at det dei har bygd, blir brukt kvar einaste dag, gjer noko med dei.

– Om dei ikkje seier det direkte, merkar eg at dei er stolte over det dei har fått til. Eg veit også at fleire har teke med seg både foreldra og besteforeldra hit for å vise dei resultata.

Vea er oppteken av rekrutteringa til bygg- og anleggsfaget og fortel stolt at dei i år har opplevd ein auke i talet på søkjarar på nærmare 150 prosent.

– Vi ser òg at fleire av elevane ved ungdomsskulen her i området har vorte inspirerte av å sjå ­byggjegjengen i aksjon. Fleire av søknadene er eit direkte resultat av byggjearbeidet i Ryvingen barnehage, konstaterer han.

Læringsklyngje. Med sine rundt 100 barn i alderen 0-6 år ligg Ryvingen barnehage plassert med Åkrehamn vidaregåande skule som nærmaste nabo. Dei to institusjonane utgjer viktige delar av det vi må kunne kalle ei læringsklyngje, for i same område ligg også ein ungdomsskule og ytterlegare ein barnehage. Berre eit lite steinkast unna er ein barneskule lokalisert.

Ludvig Vea er ikkje framand for at samarbeidet med barnehagen kan få noko å seie for den framtidige rekrutteringa til bygg og anlegg ved skulen. Siv Elin Ve, dagleg leiar i Ryvingen barnehage, seier seg einig:

– Det er mykje som startar i barnehagen, fastslår ho.

Det første samarbeidsprosjektet mellom dei to begynte med behovet for eit vognskur i samband med at barnehagen fekk ei ny avdeling i eit eldre hus ved sida av. Siv Elin Ve hadde snappa opp at elevane tok oppdrag i nærmiljøet, og tenkte at det kunne vere ei god løysing. No i vinter diska ho opp med bollar og kakao i samband med innviinga av grillhytta, det førebels tredje samarbeidsprosjektet mellom dei to.

– Det har vore ei glede å ha arbeidslaget her. Elevane har teke hand om heile prosessen frå kontraktsignering til framdriftsplanar, HMS-skjema og sjølve bygginga, alt under kunnig rettleiing og påsyn frå læraren, seier Ve, som er imponert over måten elevane har teke omsyn til barna på.

– Som regel stod dei klistra langs gjerdekanten og supplerte oss med spikar, fortel Christoffer, som no er i praksis hos byggmester Larsen i Haugesund der han også skal ha lærlingtida.

– Forstyrrande?

– Til tider, men mest koseleg!

Fleire læringsspor. Barnehagen har så langt ikkje brukt samarbeidet med den vidaregåande skulen som ein formell del av det pedagogiske arbeidet i barnehagen, men har observert fleire spor etter dei jamlege møta mellom ungdommar og småbarn.

– Byggjeprosjektet har heilt klart prega frileiken. Spesielt hjelmen har gjort inntrykk, og fleire barn har spankulert rundt barnehagen med bøtter på hovudet i aksjon som jobbemannar, fortel pedagogisk leiar
Lillian Nilsen Liknes. Ho er uansett mest oppteken av dialogen mellom barna og ungdommane.

– Samspelet mellom dei har vore ein føremon på fleire måtar, meiner ho, og får følgje av dagleg leiar Siv Elin Ve:

– Eg ser kor mykje det har hatt å seie for barna å få være saman med vaksne gutar. Snakke med dei, sjå dei i aksjon, få merksemda deira. Eit mannleg innslag i barnehagen på denne måten har vore gull verdt, seier ho.

– Det er tydeleg at elevane trivst på denne arenaen. Ungane ser opp til gutane, noko som utan tvil styrkjer sjølvkjensla, meiner lærar Ludvig Vea, og fortel at dei også har jobba med haldningar og språkbruk som ein del av prosjektet.

– Vi skal til dømes ikkje banne når vi jobbar i nærleiken av barn. Det har vore ei viktig bevisstgjering og noko gutane verkeleg har teke på alvor, seier han stolt.

Førebels er det ikkje planlagt nye prosjekt mellom Ryvingen barnehage og Åkrehamn vidaregåande skule, bortsett frå det kontinuerlege sam­arbeidet med helsefaglinja ved skulen, som har barne- og ungdomsarbeidarar i praksis i Ryvingen barnehage både haust og vår. Men har vi aktuelle prosjekt på gang, er vi ikkje i tvil om kven vi skal kontakte, lover Siv Elin Ve.