091_web

Rettleiing av nyutdanna lærarar


Alle kommunar og fylkeskommunar skal tilby rettleiing og oppfølging til alle nyutdanna barnehagelærarar det første året i yrket.

Helene Dahl (28) har jobba som barnehagelærar i Flassabekken barnehage i snart to år. Da ho var ferdigutdanna, visste ho godt at utdanninga skulle gje henne gode føresetnader for å bli ein dyktig profesjonsutøvar, men at denne utdanninga ikkje kunne førebu henne for den verkelege kvardagen i barne­hagen. Nokre sider av yrkesutøvinga må ein erfare og lære på arbeidsplassen, og da kan det være greitt å ha ein person å støtte seg til.

– Det er svært krevjande å komme rett frå skulen og bli kasta ut i situasjonar du aldri har vore borti. Da er det godt å ha ein ekstern rettleiar som du kan reflektere saman med. Det gjer overgangen frå teori til praksis mykje lettare, seier Dahl.


May Britt Nortveit

Ansvarlig for rettleiings­teamet i Gjesdal og styrer i Solås barnehage


Liv Astrid Bauge

Pedagogisk leiar i Bambsebo barnehage

Rettleiaren henner, pedagogisk leiar i Bamsebo barnehage, Liv Astrid Bauge, hugsar godt korleis det var å vere både nyutdanna og nytilsett. Sjølv har ho jobba som pedagogisk leiar sidan 1997 og føler at det er givande å kunne dele sin kompetanse og sine erfaringar med Dahl.

– Eg har 18 års erfaring frå sektoren, mens Helene har oppdatert teori. Det gjer at vi har nokre spennande rettleiingsmøte der vi saman reflekterer over ulike utfordringar ho støyter på i arbeidslivet. Det er ikkje berre vegsøkjaren som får eit par ekstra auge å sjå med, eg blir også inspirert og får nye tankar som får meg til å stille spørsmål ved inngrodd praksis, seier Bauge, som har teke rettleiarutdanning ved Universitetet i Stavanger. No er ho ein del av eit rettleiingsteam i kommunen som har elleve vegsøkjarar.

Bidrar til kvalitetssikring i barnehagen. Ansvarleg for rettleiingsteamet i Gjesdal og styrar i Solås barnehage, May Britt Nortveit, opplever at rettleiingstilbodet er svært godt motteke, og at både vegsøkjarar og rettleiarar har utelukkande positive erfaringar med ordninga. Vegsøkjarane er spesielt takknemlege for å få profesjonell oppfølging så tidleg i arbeidslivet, og at dei har ein arena utanfor sin eigen arbeidsplass der dei kan ta opp og drøfte ulike problemstillingar.

– Som nyutdanna og nytilsett er det alltid mykje ein lurer på, og det er ikkje alt ein kan lese om i skulebøkene. Da er det fint å ha nokon som står på sida og hjelper til ved behov, forklarer Nortveit.

Styraren er òg overbevist om at rettleiingsordninga er med på å sikre kvaliteten i barnehagane, i tillegg til å bidra til å rekruttere fleire dyktige pedagogar og behalde barnehage­lærarar i yrket.

031_web


Helene Dahl

Barnehagelærar i Flassabekken barnehage

– Tidlegare vart dei nyutdanna overlatne til seg sjølve. Dei fekk lov til å vere nye, men ikkje så lenge. Eg hugsar sjølv kor skremmande og altoppslukande det kjendest å vere nytilsett og komme rett frå skulebenken. Usikkerheit gjer at vi risikerer å miste dyktige pedagogar til andre yrke. Systematisk rettleiing og oppfølging gjer at dei nyutdanna blir trygge og får mot til å bidra med sin kompetanse i barnehagane, og blir verande i yrket.

Systematisk rettleiing i to år. Helene Dahl har fått individuell rettleiing heilt sidan ho var ferdig med studia. I Gjesdal kommune gjeld ordninga i to år etter endt utdanning. I forkant av rettleiingsmøtet som er ein gong i månaden, må ho tenkje gjennom kva for problemstilling ho ønskjer å ta opp, og sende eit eige rettleiingsnotat til rettleiaren sin. På bakgrunn av rettleiingsgrunnlaget vil rettleiaren sende ein koreografi med oppklarande spørsmål tilbake, slik at dei allereie i forkant begynner ein refleksjonsprosess.

– Det er opp til vegsøkjaren å bestemme kva for tema han/ho ønskjer å ta opp. Min jobb er å lytte og stille dei riktige spørsmåla slik at veg­søkjaren kan reflektere over barnehagens praksis og trekkje eigne konklusjonar, fortel Bauge, før Dahl legg til:

– Det har fungert veldig bra så langt. Det er godt å ha ein ekstern rettleiar som ikkje kjenner til arbeidsplassen min, og som kan vere objektiv til dei tema eg tek opp. Det er òg fint å ha regi og styre møta ut frå eige kompetansebehov.

Verdifullt og nyttig tilbod. Kvalitet i barnehagene føreset at ein får behalde kompetente og engasjerte barnehagelærarar i yrket, og rettleiingsordninga skal bidra til nettopp det. Gjesdal kommune begynte arbeidet med ordninga allereie i 2009 og veit godt kva som skal til for å lykkast.

– Det er viktig å gjere dei tilsette i barnehagen bevisste på kor viktig tilbodet er, og leggje til rette for at dei som ønskjer å prøve seg som rettleiarar, får høve til å ta rettleiarutdanning. Dette gjev ein unik kompetanse som er heilt avgjerande for å lykkast, seier Bauge.

– Samtidig er det viktig å setje av både tid og ressursar til gjennomføringa, slik at ikkje barnehagen opplever dette som ei ekstra belastning. Utvikling og erfaringsutveksling internt i rettleiargruppa er òg viktig, slik at dei som får rettleiing, opplever tilbodet som både verdifullt og nyttig.


Fakta

Rettleiingsordninga for nytilsette, nyutdanna ­pedagogar i barnehage og skule er nedfelt i ein intensjons­avtale mellom KD og KS. Målet er at alle skal få tilbod om rettleiing det første året i yrket. Ordninga starta for barne­hagelærarar i 2011/2012. I ein ny samarbeidsavtale om kvalitetsutvikling i barnehage og skule frå 2014 mellom KD og KS er innhaldet i rettleiingsordninga vidareført og erstatta.