Vossbarnehage_web

Eit viktig verktøy for vurdering av kvalitet


Ønskjer barnehagen din å ha betre kunnskap om eigen praksis? Ståstads­analysen gjev eit realistisk bilete av kva for område barnehagen din er god på, og kva for utviklingsområde som bør prioriterast.

Styraren i Bjørgamarka barne­hage på Voss, Solgunn Wiik Bjørke, har vore med på å ut­vikle det digitale refleksjonsverktøyet. Sjølv har ho brukt Ståstads­analysen sidan 2008 og har berre positive ­erfaringar med verktøyet.

– Dette er eit svært nyttig verktøy for barnehagar som ønskjer å drøfte kvaliteten i eigen praksis. Ståstadsanalysen set mellom anna fokus på arbeidet med barn og foreldre og på samarbeidet mellom dei tilsette. Samtidig tydeleggjer analysen kva som er barnehagens samla potensiale for forbetring.

Wiik Bjørkes kollega, Marianne Meling, er styrar i Sekse barnehage i Ullensvang. Marianne Meling framhevar spesielt den evna verktøyet har til å skape refleksjon og stimulere til viktige pedagogiske diskusjonar.

ståstadsanalysen krev brei involvering av alle tilsette, noko som skaper bevisstheit rundt eigen praksis og refleksjon i heile personalgruppa. Alle medarbeidarane får eit godt innblikk i barnehagens sterke sider og ser kva for område det bør jobbast meir med i åra som kjem.


Solgunn Wiik Bjørke

Styrar i Bjørgamarka barnehage


Marianne Meling

Styrar i Sekse barnehage

– For å kunne lykkast med Ståstadsanalysen, og ikkje minst med utviklingsarbeidet som følgjer etter, er det fleire faktorar som barnehagen bør fokusere på. Forankring i heile organisasjonen, grundig forarbeid og god tid til gjennomføringa er berre nokre av suksesskriteria Meling og Wiik Bjørke trekkjer fram.

Skal vi lykkast med kvalitetsvurderinga, må arbeidet forankrast godt hos alle medarbeidarane i barnehagen. Det er viktig at styraren får ei god forståing av kva Ståstadsanalysen handlar om, og formidlar dette vidare til dei tilsette. Samtidig er det viktig å setje av tid til gjennomføringa. Dei tilsette bør få høve til å førebu seg og drøfte eigen praksis opp mot gjeldande rammeplan, seier Meling. Ho peiker på at sjølve utviklingsarbeidet tek til etter at Ståstadsanalysen er gjennomført, og resultatet ligg føre. Her er det spesielt styraren i barnehagen som har ein viktig jobb å gjere.

– Kva inneber resultatet for min barne­hage? Kva for innsatsområde skal barnehagen prioritere? Og kva for ­tidsperspektiv skal vi leggje til grunn? Det er mange spørsmål som skal ha svar. Eit godt tips er å lage ei plangruppe som saman med styraren diskuterer seg frem til ei samla vurdering av barnehagens ståstad, før dei legg resultatet fram for personalgruppa. På denne måten involverer vi alle medarbeidarane og skaper eit godt grunnlag for utviklingsarbeidet, seier Meling.

– I Hardanger/Voss kompetanseregion bruker dei Ståstadsanalysen i kombinasjon med ei ekstern vurdering – eit anna verktøy for å kartleggje kvaliteten i barnehagar. Etter å ha brukt Ståstadsanalysen til å vurdere eigen praksis, vel barnehagen eitt bestemt fokusområde som den eksterne vurderinga skal ta utgangspunkt i. To eksterne vurderarar med pedagogisk bakgrunn observerer og gjennomfører intervju med barn, foreldre og dei tilsette før dei leverer ein vurderingsrapport om barnehagens sterke og svake sider innafor det bestemte fokusområdet.

– Gjennomføringa av den eksterne vurderinga er ein viktig startfase der personalet får reflektere over eigen praksis innafor eit fokusområde som barnehagen sjølv har valt. I tillegg får dei det eksterne blikket på barnehagens praksis. Til saman er dette eit nødvendig forarbeid for å bli motivert, stake ut kurs og setje i gang utviklingsarbeid, seier Meling, som er leiar for den eksterne barnehagevurderinga i regionen. I denne gruppa er det no ti pedagogar som gjennomfører i snitt to vurderingar kvart år.

her i regionen gjennomfører vi Ståstadsanalysen og den eksterne vurderinga kvart tredje år. Det er viktig at vi ikkje vurderer for ofte, sidan begge metodane krev grundig forarbeid og omfattande etterarbeid, seier Wiik Bjørke, og legg til:

– Utviklingsarbeid tek tid. Vår ­erfaring er at barnehagen får gjort mykje på tre år, slik at vi ofte ser tydelege resultat ved neste vurdering.

Slik går vurderings- arbeidet føre seg:

Barnehagen gjennomfører Ståstadsanalysen i god tid før den eksterne vurderinga. Arbeidet med Ståstads­analysen og den eksterne vurderinga må forankrast i heile personalgruppa og hos barnehageeigaren.

Barnehagen vel eit fokusområde for ekstern vurdering i samsvar med resultatet frå Ståstadsanalysen.

Barnehagen sender resul­tatet frå Ståstads­analysen med fokusområde og bakgrunnsmateriell til vurderarane som førebur sjølve vurderinga av barnehagen. Utarbeiding av kvalitetsmål, metodeval og verktøy blir tilpassa det som barnehagen ønskjer å ha fokus på.

Vurderarane lagar så framtidsbilete, innhentar informasjon, gjer vurderingar og gjev munnleg og skriftleg rapport til barnehagen.

Barnehagen overtek stafettpinnen for å gjennomføre eit lokalt utviklingsarbeid. I dette arbeidet må barnehagen prioritere, ta eigarskap, velje framgangsmåte, rydde plass og følgje opp.



Kva er Ståstads­analysen for barnehage?

Ståstadsanalysen er eit refleksjons- og prosessverktøy som blir brukt for å gjennomføre ei kvalitetsvurdering i barnehagen. Ståstads­analysen har vore tilgjengeleg for alle barnehagar sidan 2008 og ligg på udir.no. I haust kjem det ei ny, revidert utgåve av verktøyet.

Målet med Ståstadsanalysen er å skape felles refleksjon om barnehagens praksis blant alle dei tilsette i barnehagen, og å vise kva for område barnehagen bør prioritere i sitt endrings- og utviklingsarbeid.

I analysen ser ein fakta om barnehagen og andre relevante undersøkingar i samanheng med dei tilsette si vurdering av praksis i barnehagen. Konklusjonane i Ståstadsanalysen er eit uttrykk for kva som er barnehagens sterke sider, og kva som er barnehagens utfordringar. Analysen gjev styraren og dei andre i personalet ei oversikt over konkrete område for endrings- og utviklingsarbeid der målet er å kunne tilby ein barnehage med høg kvalitet.