Bruker fakta og deler erfaringar


– Å utvikle skolen på bakgrunn av det vi veit, gir ein betre skole. Karakter­statistikkar, resultat frå nasjonale prøver og elev­undersøkingar gir svar på kvar den enkelte skolen står, men det er først når vi koplar på begge augo at det verkeleg begynner å bli interessant, seier Hege E. Røen, fagleg ansvarleg for skoleutvikling i Sandnes kommune.

Og med det meiner ho å ta i bruk både kvantitative og kvalitative evalueringsmetodar.

– Tala taler for seg, men dei blir langt meir spennande når dei blir nyanserte. I den årlege utviklingssamtalen vi har med skolane, tek vi utgangspunkt i talmaterialet, men like viktig er det å sjå på kva som ligg bak, seier ho engasjert.

i sandnesskolen har dei slutta å samanlikne skolane med kvarandre, men måler den enkelte skolen opp mot seg sjølv. Kvar skole har si eiga utviklingskurve, noko som har vist seg å gi raskare utteljing og betre resultat.

– Skolane våre har frå 65 og heilt opp til 600 elevar. Å samanlikne dei blir som å samanlikne eple med bananar, meiner Røen.

Faglig ansvarlig for skolutvikling i Sandnes kommune Hege E. Røen (t.h.) og kommunaldirektør ved Sandnes kommune Kari Bente Daae.

Sidan 2009 har Sandnes kommune jobba systematisk med å utvikle sine 30 barne- og ungdomsskolar til å bli betre og meir effektive læringsarenaer. Skolane skal ikkje berre setje klare mål for elevane si læring, men byggje på forsking og fakta. Statistikk og talmateriale frå tidlegare år blir nyttiggjorde saman med arenaer for erfaringsutveksling.

– Det finst så mykje god kunnskap i Sandnesskolen! Alle har noko å lære kvarandre, og dette har vi jobba systematisk med over fleire år no, fortel Røen.

– Det var studieturen til Helsingborg, der vi lærte om branding og omdømmebygging, som verkeleg sette fart i arbeidet, fortel kommunaldirektør i Sandnes, Kari Bente Daae. Etter at skolane vart omgjorde til sjølvstendige driftseiningar i 2003, fikk kommunaldirektøren høve til å byggje opp ein ny stab med fokus på utvikling og kompetanse i skolen. Hege E. Røen var ei av dei som vart tilsett i ein fagleg stab på seks.

med skolane som sjølvstendige driftseiningar sat rektorene med eit større ansvar enn tidlegare, og variasjonane mellom skolane begynte etter kvart å bli store. Daae og hennar stab såg behov for tilførsel av kompetanse. Slik begynte arbeidet med utviklinga av ein eigen rektorskole.

– Vi var heldige med timinga. I 2010 kom den nasjonale satsinga Vurdering for læring, eit prosjekt som passa som hand i hanske med leiarutviklingsprogrammet vårt, seier Røen.

på lurahammaren ungdomsskole i Sandnes finn vi rektor Paul Næsse som for to år sidan valde å innføre Vurdering for læring på sin skole. Saman med Marianne Dybvik, som har jobba som lærar ved skolen i elleve år, beskriv Næsse ein skolekvardag der samarbeid, evaluering og erfaringsutveksling pregar lærarkollegiet. Elevane har fått eit langt meir bevisst forhold til kva som krevst av dei, og kva som skal til for å oppnå betre resultat.

– I dag set vi som regel ikkje karakterar før elevane sjølve har vurdert sin eigen innsats, fortel Dybvik, og legg til at elevane sine vurderingar som oftast fell saman med dei læraren har.

– Det gjer at karakteren kjem som ei naturleg følgje av refleksjon og ikkje blir ståande for seg sjølv, seier ho.

– Tidlegare kunne du vere sikker på at elevane berre var opptekne av karakteren, sjølv om den skriftlege grunngivinga både var konstruktiv og god, smiler Næsse som er svært godt fornøgd med måten skoleleiinga i kommunen har lagt til rette for endringsarbeidet på.

– Vi har eit månadleg rektormøte der alle rektorane i kommunen møter saman med kommunaldirektøren og hennar stab. Utruleg mange dyktige førelesarar har vore innom, anerkjente folk både nasjonalt og internasjonalt. Inspirerande! utbryt han.

I tillegg til stormøtet mellom alle rektorane i Sandnes, møter Næsse også kollegaene sine på ungdomstrinnet ein gong i månaden, og i tillegg ni rektorar frå eit EU-prosjekt han fekk høve til å vere med i, også det ein gong i månaden.

– vi er opptekne av å leggje til rette for at skoleleiarane skal dele sine erfaringar, noko som på sikt vil gi ein betre skole. Dessutan er det viktig å inspirere, seier Daae og Røen.

– Rektormøte har vi hatt lenge, men mens dei tidlegare kunne utarte seg til arenaer for klaging, målstyrer vi no innhaldet slik at dei blir viktige læringsarenaer, fortset Daae.

– Vi opplever at rektorane deler sine erfaringar på ein heilt annan måte enn tidlegare. Ja, no kan dei til og med dele mislykka tiltak og prosjekt, påpeiker Hege E. Røen.

Ifølgje dei to er det ein viktig føresetnad for kunnskapsbasert skoleleiing å kople seg på leiande fagmiljø. Dei har blant anna utvikla eit nært samarbeid med Universitetet i Stavanger og Tromsø.

Kva meiner vi med analyse?

Analyse – undersøkje systematisk, tolke, identifisere utfordringar, samanstille, sortere, få tak på meining som ikkje ligg opp i dagen, stille spørsmål, bevisstgjere, dialog, medverknad,  sjå samanhengar og forstå.

Ved å samanstille informasjon og data får kommune, skoleleiar og lærar eit bilete av tilstanden ved skolen. Det er ikkje berre tal som gir kunnskap. Ved å stille spørsmål, innhente tilleggsinformasjon og reflektere over samanhengen mellom det kjeldene fortel, i tillegg praksis og resultat, blir biletet meir nyansert.

Korleis er tilstanden i andre kommunar, fylke og på landsbasis? Er det erfaringar der som vi kan dra nytte av/bli inspirerte av? Kva vurderer skoleleiaren og læraren som gode nok resultat, og kva skal bli betre? Oppsummeringar av forskingsrapportar og faglitteratur kan òg gi nyttige innspel når skoleleiaren og læraren vurderer tilstanden ved eigen skole.

Kva no?

Ofte deler ein opp verkelegheita når ein analyserer. Men det endelege målet – og den store jobben – med analysane er å knyte kunnskap saman til ein ny heilskap og til ei ny forståing av kva som skal til. Og så få til ønskt forbetring.

Nokre eksempel på kjelder de kan bruke:
  • Analyserapporten som følgjer dei nasjonale prøvene (ny rapport i PAS)
  • Resultat frå Elevundersøkinga
  • Observasjon
  • Spørjeundersøkingar (Fronter og It’s learning)
  • Forsking viser…

Lærar Marianne Dybvik (t.v.) og rektor Paul Næsse ved Lurahammaren ungdomsskole.

Lærar Marianne Dybvik (t.v.) og rektor Paul Næsse ved Lurahammaren ungdomsskole.

rektor paul næsse er imponert over innsatsen skoleleiinga i kommunen legg for dagen og opplever at han stadig får næring til arbeidet sitt lokalt. Han har blant anna etablert ei leiargruppe som består av to inspektørar og to ressurslærarar.

– I endringsprosessar er det avgjerande at du som leiar engasjerer deg fullt ut, men du kan ikkje drive prosessane åleine. Ei leiargruppe gir større trykk og spreier ansvaret på fleire.

Næsse har brukt dialogkonferansemodellen, eit verktøy han vart merksam på gjennom leiarutviklingsprogrammet i Sandnes kommune. Modellen bidreg til å utvikle felles kompetanse.

– Utgangspunktet kan vere ei gjentakande problemstilling eller ein situasjon frå klasserommet som vi tek opp i tysdagsmøta kvar veke. Denne problemstillinga blir belyst med teori og forsking før vi tek ein refleksjonsrunde i kollegiet. Lærarane frå eit bestemt trinn eller ei faggruppe tek saka vidare, konkluderer og legg ho fram for leiargruppa som på si side gjer om til forpliktande punkt og felles praksis. Vi skal kunne seie: Slik gjer vi det på Lurahammaren ungdomsskole, forklarer Næsse.

I endringsprosessar er det avgjerande at du som leiar engasjerer deg fullt ut, men du kan ikkje drive prosessane åleine. Rektor Paul Næsse

modellen vart òg brukt i arbeidet med å bestemme korleis elevane sine planar for læring skulle setjast opp.

– Eg liker veldig godt måten vi jobbar på no. Med felles mål og evalueringskriterium i kvart einaste fag, veit vi nøyaktig kva vi har å halde oss til. Det same gjer elevane, seier Marianne Dyvik og beskriv eit godt samarbeidsklima lærarane imellom.

– Leiinga legg til rette for samhandling og erfaringsutveksling, noko som gjer at vi også reint intuitivt deler meir, seier ho. Ein annen gevinst er måten dei legg opp prøvene på.

– I staden for å måle kunnskapen gjennom mange detaljerte spørsmål, tek vi utgangspunkt i måla som allereie er nedsette. På den måten får elevane i langt større grad vist kva dei sit inne med, seier ho.

– invester i leiing og målretta kompetanseutvikling, er rådet frå kommunaldirektør Kari Bente Daae og fagleg rådgivar Hege E. Røen. Etter deira erfaring ligg mykje av nøkkelen til suksess gøymd i verdsetjande leiing, anerkjenning og jamn tilførsel av kompetanse.

– Opplever ein lærar å ha kompetanse, vil denne personen utgjere halvannan person, ja, kanskje til og med to, seier Daae, som meiner kompetansehevande tiltak er langt viktigare enn nytilsetjingar.

Og sjølv om resultata i Sandnesskolen stadig blir betre, noko både dei nasjonale prøvene og elevundersøkingane er bevis på, har dei to allereie klart for seg kva ei må jobbe vidare med.

– Vi strever framleis med uro i klasseromma og ser at vi har meir å gjere når det gjeld individuell oppfølging av den enkelte skolen. Dessutan skal vi involvere enda fleire når neste plan skal leggjast, seier dei to.