Systematisk
kompetanse­utvikling
er nøkkelen


– Vårt oppdrag er knytt til elevane si sosiale og faglege læring og ut­vikling. Kompetanseutvikling er utrulig viktig for å kunne levere på oppdraget, seier Eli Gundersen, skulesjef i Stavanger kommune.

Kommunen i sørvest har til no hatt 300 lærarar og 25 skuleleiarar på vidareutdanning innan Kompetanse for kvalitet. I år er talet 47 lærarar og 6 skuleleiarar.

– Det er attraktive studium, og interessa var langt større enn dei som fekk plass. Utviklingsviljen i Stavanger er svært høg, sjølv om vi allereie har dyktige og velutdanna lærarar her, seier Tone Holth, rådgjevar innan kompetanseutvikling i Stavanger kommune.

dei to er einige om at den nasjonale satsinga på Kompetanse for kvalitet er svært positiv, og at det er viktig å stimulere skulane til å nytte seg av tilbodet.  Som eit supplement til den nasjonale satsinga på rektorutdanning har dei etablert ein lokal rektorskule, der òg lærarar kan delta. I Stavanger har dei gjennomført fire lokale rektorskular med til saman 120 deltakarar.

– Dette er eit heilt naudsynt tiltak for å sikre rekruttering til skuleleiarstillingane, og vi ønskjer å kvalifisere enda fleire lærarar til å bli skuleleiarar, seier skulesjef Gundersen.

Ho er òg medlem av Ludvigsenutvalet, som skal vurdere innhaldet i grunnopplæringa opp mot krava til kompetanse i framtidas samfunns- og arbeidsliv.

stavanger er svært opptekne av skuleeigaransvaret – både politisk – og administrativt.

– Som skuleeigar må du tenkje langsiktig og jobbe systematisk. Det handlar om å kartleggje, prioritere og ta avgjersler. Vi må skaffe oss oversikt for å utvikle skulen, seier skulesjefen.

Ho nemner at ein føresetnad for å vere ein god skuleeigar er å lage kommunale planar med klare mål, lage planar for kompetanseutvikling og ha systematisk oppfølging av skulane.

i stavangar har skuleeigaren nett starta ei kartlegging blant rektorane på ungdomstrinnet for å få oversikt over kompetansen innan faga norsk, matematikk og engelsk.

– Rektorane veit kva dei har, og kva dei treng, og vi treng å vete dette for å kunne planleggje langsiktig kompetanseheving, understrekar Gundersen.

– Kartlegginga av lærarane sin kompetanse skal gjerast digitalt, og dette vil gi oss god oversikt over deira kompetanse. Og vi opplever at skulane følgjer godt opp, supplerer Holth.

eit anna tiltak dei har starta i kommunen, er etablering av nettverk for rekne og leserettleiarar.

– Nyare forsking syner at djuplæring er viktig for ei god fagleg utvikling. Det vil seie at ein går djupare inn i faga i staden for å gå breitt ut og halde seg meir på overflata. Vi nyttar ny læringsforsking og er opptekne av å kvalifisere lærarane på sentrale fagområde. Difor har vi etablert nettverk for rettleiarar slik at dei skal utvikle ein høgare kompetanse innan lesing og rekning. Målet er at dei skal vere ein fagleg ressurs ved skulane, fortel Gundersen.

– Korleis fungerer dette opplegget?

– Vi har to lærarar frå kvar skule som møtest i nettverk, løyser oppgåver, får undervisning og skriv refleksjonsnotat som blir gjennomgått. Det er PP-tenesta som «driv» nettverket for  leserettleiarane. PP-tenesta har høg kompetanse på lesing. Då får vi òg god synergi og samhandling med PP-tenesta. For oss er etablering av rettleiarar òg eitt av fleire viktige tiltak for å førebyggje fråfallet frå vidaregåande opplæring. På barnetrinnet har vi eit eige kvalifiseringstiltak i matematikk. Vi har tru på at til dømes ein dyktig matematikklærar kan gjere ein forskjell for elevane, fordi matematikk er bøygen for mange, seier Holth.

– Kva vil de satse meir på for å møte utfordringane hos elevane i framtida?

– Vårt mål er å kvalifisere elevane til å verke i samfunnet, både fagleg og sosialt. Det er vårt fokus i alt vi gjer. Vi må tenkje heilskapleg for å utvikle elevane, og då må vi følgje skulane tett og ha solid kompetanse blant lærarane, seier Gundersen.

i rolla som skuleeigar meiner Gundersen det er særleg viktig å kunne prioritere og avgjere kva som er det viktigaste for elevane si læring og utvikling – noko som også betyr å kunne seie nei.

– I periodar verkar det som om skulen åleine skal vere medisin for alt som ikkje verkar i samfunnet. Vi må vere tydelige på kva som fell inn under skulen sitt ansvarsområde. Vi har fått eit viktig og vanskeleg oppdrag, men vi kan ikkje ordne opp i alt i samfunnet. Det er elevane si sosiale og faglege læring som er utgangspunktet for alt vi gjer, meiner skulesjefen.

Rådgjevar Tone Holth (t.v.) og skulesjef Eli Gundersen i Stavanger kommune legg vekt på å jobbe langsiktig og systematisk for å utvikle skulen.

Kompetanse for kvalitet

Kompetanse for kvalitet. Strategi for etter- og vidare­utdanning har som mål å styrkje elevane si læring og ­elevane sin motivasjon. For å få til dette skal den faglege og fagdidaktiske kompe­tansen hos lærarane styrkjast gjennom vidareutdanning.

Delmål for Kompetanse for kvalitet:
  • Auke talet på lærarar som har fagleg og fagdidaktisk ­kompetanse opp til 60 studiepoeng
  • Auke lærarane sin kompe­tanse gjennom etter­utdanning på prioriterte fag og område
  • Styrkje skuleleiaren sin kompetanse gjennom den nasjonale rektorutdanninga

Les mer om Kompetanse for kvalitet på udir.no!