Systemretta arbeid
i teori og praksis


Strategi for etter- og vidare­utdanninga av tilsette i PPT 2013 – 2018 ­(SEVU-PPT) har som mål å styrkje kompetansen til dei tilsette og bidra til auka fokus på system­retta arbeid i pedagogisk-psykologisk teneste (PPT). Korleis opplever deltakarane tilboda som blir gjennomførte som ein del av kompetanse­utviklingsstrategien?

Ingrid Marie B. Stave

Tenesteleiar PPT, Familie og velferd, Selje kommune
Deltek på leiarutdanninga ved NTNU

Kvifor søkte du om å delta på vidareutdanning som ein del av SEVU-PPT?

– Eg syntest innhaldet i programmet  verka spennande og hadde god variasjon mellom juss- og strategitenking.  Som relativt nytilsett tenkte eg også at dette var kunnskap som ville komme godt med for meg som leiar av eit pedagogisk kontor.

Kva har du lært?

– Hittil har vi berre hatt éi samling. Det eg allereie har merka, er at kurset er veldig praktisk orientert, det er «matnyttig». Tredagars samlingar gir også gode moglegheiter for å utvide nettverket. Her er det sosiale ein viktig del.

Er det noko du ønskjer å trekkje fram som spesielt viktig ved studiet ditt?

– Eg ser behovet for å dreie PPT mot systemretta arbeid. Eg føler eg «forstår» meininga med kvar vi er på veg, samtidig som eg meiner det var rett stad å starte med oss i leiargruppa. Å vende seg til ein ny måte å tenkje på er ikkje gjort i ei handvending.

Kvifor er kompetanseutvikling viktig?

– Skolen og resten av samfunnet er i konstant endring. Vi må vere i stand til å tilpasse oss, slik at vi klarer å handtere nye krav og behov etter kvart som dei dukkar opp. For meg er det mykje viktigare enn lønn eller studiepoeng. Vi kan alltid bli betre!

Bjarne Kristian Lervang

Fagsjef ved «Fagenhet for videregående opplæring», Sør-Trøndelag kommune
Deltek på vidareutdanningstilbodet ved NTNU «Læringsmiljø og gruppeledelse»

Kvifor søkte du om å delta på vidareutdanning som ein del av SEVU-PPT?

– Vidareutdanninga gir oss moglegheit for å samle tenesta under eit felles prosjekt og etablere ei felles plattform for forståing og tilnærming til jobben. Hos oss i Sør-Trøndelag har læringsmiljøet og kva det har å seie for læring, eit tydeleg fokus.

Kva har du lært?

– Vidareutdanninga har særleg gitt auka kjennskap til kor viktig gode læringsmiljø er. Forma og innhaldet i undervisninga har samtidig medverka til å utfordre kvar enkelt av oss på det personlege plan. Nettopp det er ein særleg styrke ved tilbodet etter mi meining.

Er det noko ved studiet ditt som du ønskjer å trekkje fram som spesielt viktig?

– Tilbodet varierer godt mellom ei teoretisk og ei praksisorientert tilnærming. Undervisninga gir oss konkrete verktøy for å handtere endringsprosessar knytte til barn og unges læringsmiljø. Samtidig er det lagt til rette for eigenutvikling mellom samlingane med konkrete oppgåver vi kan jobbe med.

Kvifor er kompetanseutvikling viktig?

– Skal PPT fungere optimalt, må vi syte for å utvikle oss i tråd med skolemiljøet og dei behova vi ønskjer å finne dei beste løysingane for.

Gørill Skarsfjord Nordstrøm

Spesialpedagog i PPT med vekt på barnehagefeltet, Ofoten kommune
Deltek på vidareutdanning innan organisasjonsutvikling og endrings­leiing ved UIN

Kvifor søkte du om å delta på vidareutdanning som ein del av SEVU-PPT?

– Vi i PPT Ofoten er pilotprosjekt for Lærings- og miljøsenteret si satsing for å innføre LP-modellen og gode læringsmiljø for alle barn, også i barnehagane. Eg opplevde derfor at dette studiet er særleg relevant, samtidig som eg ønskte å auke mitt generelle kompetansenivå og bli enda betre på det eg gjer.

Kva har du lært?

– Å komme frå ulike regionar og delar av landet gir oss ei spennande og verdifull moglegheit til å utveksle erfaringar og kunnskap med kvarandre.

Er det noko ved studiet ditt du ønskjer å trekkje fram som spesielt viktig?

– Ei meir synleg PP-teneste er både viktig og nødvendig. Ulike kontor har ofte ulike satsingsområde, og med svært god kompetanse innanfor sine hovudfelt. Ved å dele denne kunnskapen med kvarandre får alle eit kompetanseløft.

Kva for aspekt ved studiet ditt vil du trekkje fram som spesielt viktig?

– Dette studiet har vore som ei vitamininnsprøyting! Det har gitt meg kjennskap til ny og spennande forsking på området.

Kvifor er kompetanseutvikling viktig?

– Vi blir betre trente i å beherske situasjonar knytte til endringsmotstand og handtering av avgjerds­prosessar på organisasjons-, gruppe- og individnivå. Dette hjelper oss til å vidareutvikle essensielle ferdigheiter.

Fakta

Strategi for etter- og videreutdanning av ansatte i PPT (SEVU-PPT) 2013 – 2018 har som målsetjing å styrkje kompetansen til dei tilsette og bidra til auka fokus på systemretta arbeid i PPT. Utdanningsdirektoratet har det overordna ansvaret for gjennomføringa av strategien. Fylkes­mannen, universitet og høyskolar bidreg i arbeidet.

Områda som skal prioriterast i perioden:
  • organisasjons­utvikling/ endringsarbeid
  • læringsmiljø og gruppeleiing
  • rettleiing og rådgiving
  • leiarutdanning